|
|
I samband med den nært føreståande plateinnspelinga med musikk av Torstein Aagaard-Nilsen skipar Manger Musikklag til konsert i Manger kyrkje tysdag 8. april kl. 20.00.
På programmet står to av stykka frå CD’en, Dynamis og Chant (sjå omtale i annan sak). Dei fire solistane på Dynamis er Pål Magne Austnes (Eb tuba), Birgitte Bruget (trombone), Merete Vollan (Bb kornett) og Craig Farr (marimba). I tillegg vil sokneprest på Radøy Kjell Sekkingstad lese tekstane som stykket er bygd over. Komponisten vil innleie og utgreie om verka. Gjestedirigent: Bjørn Breistein.
Både Dynamis og Chant er inspirert av det religiøse og kyrkjelege, og MML ynskjer alle vel møtt til ein konsert der musikken får utfalde seg i sitt rette element. Klikk på plakaten for større versjon
|
|
| MML held fram med Youngblood! |
På turné på Haugalandet kommande helg tek MML fram igjen fjorårets Siddis-program, inspirert av Youngblood Brass Band. Publikum i Koparvik og omegn bør nytte høvet til å få med seg musikken frå det mest omtala bidraget under Siddis 2007!
Det vert eit forrykande show, under leiing av den eminente trompetisten Martin Winter. Konserten, som er eit samarbeid med Stangaland og Kopervik skolekorps, finn stad sundag 9/3 kl. 13.00 i Karmøy kino i Kopervik.
MML skipar også til konsert laurdag 8/3 kl 13.00 i bedehuset på Røvær. Begge konsertane er fylte med mykje god og underhaldande musikk, og på dirigentpodiet står gjestedirigent Martin Winter.
|
|
| Ein komponist - ein CD - tre verk |
Etter NM startar innøvinga av eit krevjande program som skal spelast inn på CD i april. Det er musikk av Torstein Aagaard-Nilsen som er valt når MML no går i studio igjen etter ei pause på nokre år. CD’en vert eit portrett av ein komponist og person som betyr mykje for musikklaget, og etter hard prioritering er det tre viktige verk som får plass.
- Eg synest det er ei ære å få nokre av mine viktigaste verk for brassband spelt inn på plate, seier Torstein Aagaard-Nilsen. Han kjem sjølv til å vere involvert i prosjektet, både under innstuderinga og som produsent under opptaka. Saman med Torstein og musikklaget inn i studio er dirigent Bjørn N. Sagstad og innspelingsleiar Gunnar Herleif Nilsen.
Cantigas er tinga av Manger Musikklag og vart urframført under NM for brassband i 2006. Framføringa vart honorert med 98 poeng og beste sjølvvalte stykke. ”Cantigas” er ein spansk/portugisisk monofon middelaldersong, og komponisten let seg inspirere av cantigas-tradisjonen ved at kvar av dei tre satsane har sin song eller grunntone og at det er delar som kan minne om song også i dei raske partia.
Dynamis er eit verk på 35 minutt, inndelt i 6 satsar forma som ei instrumental messe. Undertittel er “Missa Sophia” (messe for visdomen), og kvar sats har henta tittel frå Salomos ordtøke i Det Gamle Testamentet. Verket er instrumentert for brassband og ei solistgruppe med kornett, trombone, tuba og marimba. ”Dynamis” er gresk og betyr kraft.
Chant vart tinga av Grenland Brass Festival 2007 som pliktnummer til kyrkjekonserten i 1. divisjon. Verket er inspirert av kyrkja si tidlegaste musikkpraksis.
Dei sto sistnemnte vil verte framført i Manger kyrkje den 8. april 2008.
|
|
|
| Neste konsert |
Avslutningsturné
30. mai:
- Fræna
31. mai:
- Averøy
- Kristiansund
|
|
| Kalender |
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
|
|
|
1 |
2 |
3 |
4 |
| 5 |
6 |
7 |
8 |
9 |
10 |
11 |
| 12 |
13 |
14 |
15 |
16 |
17 |
18 |
| 19 |
20 |
21 |
22 |
23 |
24 |
25 |
| 26 |
27 |
28 |
29 |
30 |
31 |
|
|
|
|
|