Historikk
Manger Musikklag har frå starten i 1922 til i dag vokse til å bli eit av landets beste brass band, godt støtta av det enorme engasjementet i lokalsamfunnet på Manger. Me vil her i dette tilbakeblikket få presentere høgdepunkta i korpset si historie:
Frå starten i 1922 til 1936:
Kring 1920-åra var det liv og rørsle i det frilynde ungdomsarbeidet. Stemner og turar var svært populære, og til slike stildkipingar vart det gjerne knytta hornmusikk der det var slike lag. Dette var bakgrunne for at det i Manger Ungdomslag i 1921 vart reist tanken om å skipa eit hornmusikklag.
Formannen i laget, Georg Smith, la saka fram på eit lagsmøte. Han ba dei som meinte dei hadde anlegg og interesse om å melda seg, og 7-8 stykke melde seg med ein gong.
Det tok ikkje lang tid før laget var ein realitet. Det måtte organiserast som eige lag med styre og økonomisk ansvar, då ungdomslaget ikkje kunne ta på seg desse pliktene. Lensmann P. O. Ottesen var til god hjelp i førebuingsarbeidet. Han underviste også musikarane i notelæra den første tida.
Det vart teke kjøp på 14 instrument frå William Farres Musikkhandel i Bergen, og kjøpesummen var kr. 2.400. Pengane vart skaffa til veges ved eit kausjonistlån i Manger Sparebank. I kjøpekontrakten var medteke at Anton Nygård frå Bergen skulle ha opplæring med laget på 20 øvingar den første tida. Laurdag 22. april 1922 kom instrumenta til Manger. Det var 2 ess-kornettar, 4 b-kornettar, 2 althorn, 3 tenorhorn, ess-bass, stortromme og småtromme. Etter alvorlige drøftingar vart instrumenta utdelte, og det var 14 glade og forventningsfulle gutar som den dagen gjekk heim med kvart sitt skinande instrument.
Framover sommaren 1922 hadde laget øvingar laurdag og sundag annankvar veke med Nygård som dirigent. Men etter kvart vart det både vanskeleg og dyrt å få dirigent frå Bergen på kvar øving, og det vart innimellom nytta lokale krefter. Frå desse første åra kan ein nemna Oluf Kolstad, Bernhard Nævdal og Georg Kvalheim.
Etter nokre år fekk laget avtale med musikkfanejunker Marthinussen som vart laget sin faste dirigent frå sommaren 1927 til kring 1930. Han var pensjonert musikar frå divisjonsmusikken i Bergen. Laget fekk også dirigenthjelp av musikkaptein Woldsdal som hadde vore leiar for divisjonsmusikken i lang tid. Kapellmeiser Nils Sæbø og Håkon Brekke var også dirigentar for laget. Men dette var helst i samband med stemner og turar.
For å greia utgiftene til dirigent, notebøker, noteskrivning m.m., vart det vedteke at kvar av medlemene skulle betala ti kroner for året. Det vart også ei ordning med ungdomslaget om å få låna ungdomdhuset to gonger årleg til festar. Desse festane - med heimemat og hornmusikk - vart omtykte og det kom mykje folk. Likevel kunne det knipa hardt med økonomien i laget mange gonger, og det var ikkje uvanleg at medlemene måtte "skillinga" saman til dirigentløn og husvære for han når øvinga laurdag og sundag var ferdig.
Førkrigstida og krigsåra:
1936 var på mange måtar eit vende i musikklaget si soga. Dei som hadde skipa laget og hadde vore med frå første tida, la no årane inn og let yngre krefter overta. Ofte var det sønene som overtok etter faren. På ny var ein utan dirigent, og Gunnstein Kolstad overtok taktstokken. Han var då berre 20 år gamal.
Dei første instrumenta var no modne for utskifting. Laget vedtok å kjøpa nye, og instrumentkjøpet var finansiert ved lån i Manger Sparebank. Interesserte bygdefolk var kausjonistar på same måten som første gongen. Dei nye instrumenta var tsjekkiske. Lettspelte, men kornettar og trompetar hadde lett for å "skrika", då dei var heller tunne i godset. Men det var ikkje berre instrumenta som var nye. På eit par år var det også nye folk på nær sagt alle stemmer.
I tida fram til 1940 var det ennå godt arbeid i ungdomslaga. Stemner og utferder var årvisse. Ofte fleire kvar sommar. Musikklaget var eit sjølvstendig innslag. Laget skipa også turar sjølv og tilstellingar på dei stadane dei gjesta det første halvåret etter krigsutbrotet 9. april 1940 låg laget nede. Ut på vinteren tok ein til att så smått, men under krigen måtte det skiftast øvingsstader mange gonger. Ungdomslaget måtte slutta og tyskarane tok ungdomshuset. Ein fekk nytta "gamlestova" hjå Georg Smith fleire gonger, og ein gong var det øving i løa hjå Karl. G. Kolstad. Fylkesskulen gav også rom når det høvde for skulen.
Laget hadde ei stor oppgåve I bygda desse åra under krigen. Det vart skipa bygdekveldar med gode kulturprogram kvart einaste år. Ein prøvde å få med så gode krefter som råd. Arne Bjørndal gjesta to gonger med foredrag og felespel. Dessutan brukte ein bygda sine eigne krefter med spelstykke, visesong m.m. Gymnastikksalen på fylkesskulen var fullsett kvar einaste bygdekveld. Likeeins var det godt frammøte til marknadene musikklaget skipa til for å skaffa pengar.
Økonomien i laget denne tida var bra. Men det var mest uråd å få kjøpt nye instrument og anna utstyr. Gjennom instrumentleverandøren i Bergen greidde ein likevel å få ein B-bass, ein del notestolar og ymse anna.
Under krigen var tyskarane ute etter notearkivet til 4. divisjons orkester i Bergen. Arkivet vart difor oppdelt i mindre parti og sende i dekning. Eitt av desse partia hamna på Manger, og musikklaget kunne bruke notane alt dei ville. Men stort sett låg musikken i arkivet over laget si yteevne på den tida.
Krigstida og okkupasjonen la ein mørk skugge over alt kulturelt arbeid, men musikklaget heldt det gåande. Ingen av musikklaga i Nordhordland var nazi-infiltrerte, og mot slutten av krigen vart det lagt planar om å organisera ein eigen krins under fylkeslaget (Hordaland Musikklag). Men kvelden før det såkalla grunnleggingsmøtet på Manger 29. April 1945 fekk ein prov på at ein måtte fara varsamt. Musikklaget hadde vore på Sæbø og spela på festen der opptaket til..........
Resten manglar frå denne perioden, men vil verta spora opp.
Frå etter krigen fram til 1977:
Manglar informasjon, men det vil verta spora opp.
Frå 1977 til 1982: Etter manuskript av Petter Morken

MML anno 1983 - klikk på biletet for å sjå større utgåve
Den eldhug musikarar og dirigent viste i desse framgangsrike åra, førde vidare. Grenser vart sprengde. I 1977 under musikkfestivalen på Hamar, kvalifiserte laget seg for deltaking i Europameisterskapen for brass band som skulle gå i Royal Albert Hall i London hausten 1978. I tida framfor Londonturen vart det tettmed øvingskveldar og fleire konsertar i månaden. Ikkje minst måtte den psykiske styrken byggjast opp. Ein kunne reint verta skjelven ved å tenkja på at vidkjende Royal Albert Hall har sitjeplassar for over 8.000 personar.
Londonturen vart ein suksess. Laget fekk 11. plass i tevling med dei beste korpsa i Europa og vakte sterk oppsikt. Det kom trass i alt frå ei lita bygd i Nordhordland med 4.000 inbyggjarar.
Framgangen gjekk vidare. Laget deltok i festivalar og konsertar rundt i landet, og i konkurransesamanheng vann dei for det meste. Det vart ny kvalifisering til EM og ny Londontur i 1979. Resultatet vart to steg opp på lista og 9. plass.
Laget sine prestasjonar fekk strålande omtalar i aviser og kringkasting, og etter ein konsert i Grieghallen i oktober 1980 skreiv musikkmeldaren Valter Aamodt mellom anna:
"Jeg har før berømmet Manger og Tom Brevik for korpsets høye kvalitetsnivå, og kunne lørdag konstatere at dette langt fra er svekket. Tonekvalitet, renhet, tunge- og fingerteknikk kan neppe gjøres bedre av norske amatørkorps, og det foredragsmessige uttrykksregisteret er stort."
Framfor EM i 1980 tok laget kontakt med den velkjende engelske dirigenten Michael Antrobus og ba han vera korpset sin gjestedirigent under finalen i Royal Albert Hall. Antrobus hadde tidlegare ført det engelske Black Dyke Mills Band fram til siger under EM og vert i England rekna som dirigent av toppklasse. Han sa seg villig og kom til Manger og trimma laget ei heil veke. At korpset skulle møta med engelsk dirigent vakte oppsikt i musikkrinsar i England, og eit engelsk musikktidskrift ba lesarene sine vera spesielt merksame på korpset frå den vesle kystbygda i Vest-Noreg. Det vart ny suksess, og ein sensasjonell 5. plass.
I 1981 vart laget nummer to under NM (bak det andre Nordhordlandskorpset Eikanger-Bjørsvik Musikklag). Under konkurranse i samband med festivalen på Hamar vann laget med ein poengsum som var den høgaste som vart gjeven til denne tid her i landet.
Kontakten med Michael Antrobus gav meirsmak, og han vart tilskriven om han kunne tenkja seg og overta dirigentplassen. Svaret var positivt - på vilkår av at høveleg tilleggsarbeid kunne skaffast. Tom Brevik, som no var rektor ved Manger Folkehøgskule, la tilhøva til rette for ein lærarpost ved musikklina ved skulen, og Antrobus vart oppmoda om å søkja. Saka gjekk i orden, og sommaren 1981 kom han til Manger for å vera lærar ved folkehøgskulen og dirigent for Manger Musikklag.
Oktober 1981 nærma seg med eit nytt EM i London. Michael Antrobus gjorde det klårt at det var ingen grunn til å slå seg til ro med 5. plassen frå året før. Posisjonen måtte forsvarast, og helst forbetrast! Han hadde også sitt eige dirigentomdømme å forsvara frå tidlegare bragder med engelske korps.
Og så bar det til London. Det utrulege hende: ein sensasjonell 2. plass, eitt poeng bak den britiske europameistaren. Både dirigenten og dei unge musikarane var like overvelda som publikum. NRK innleidde sin reportasje frå Royal Albert Hall slik:
"Dette er vel det største som har hendt i norsk korpsbevegelse til dags dato!"
I samband med Noregsmeisterskapa vert det tidligare delt ut prisar til beste instrumentalist eller gruppe under tevlinga. MML har fått fleire slike førstepremiar:
Ess kornett:
1980 Tone Morken
1981 Tone Morken
Bb kornett:
1980 Jarnfrid Gunnarson
Althorn:
1980 Tore Morken
Euphonium:
1980 Sverre Kolstad
Trombone:
1979 Harald Matland
1981 Harald Matland
Tubagruppe:
1980 Manger Musikklag
Slagverkgruppe:
1980 Manger Musikklag
1982 Manger Musikklag
1982-2002:
Det har mange gonger vore hevda at den oppsving brass band rørsla har hatt i Norge har si rot i Nordhordland og må tilskrivast den pionèrinnsats som særleg dei to korpsa Manger Musikklag og Eikanger-Bjørsvik Musikklag har stått for. Eitt namn som ikkje må gløymast i denne samanhengen er Tom Brevik.
I 1983 vart Manger Musikklag igjen noregsmeistrarar, denne gongen for framføring av Variations of a Ninth, av Gilbert Vinter. I det påfølgande EM i Kerkrade fekk korpset ein fin 6. plass. I 1983 vart også Siddis Brass som underhaldningskonkurranse for første gong arrangert i Stavanger. Den første vinnar av denne vart ikkje uventa Manger Musikklag, ein bragd korpset gjentok året etter. Under Michael Antrobus si leiing etablerte Manger seg som eit konsertkorps. Det vart halde mange konsertar og korpset måtte gjennom eit stort konsertrepertoar i løpet av ein sesong. Dette var viktig for den musikalske utviklinga. Konsertane på det nye samfunnshuset på Skogen Sletta trekte til seg mange tilhøyrarar. Korpset og dirigenten nytte stor popularitet både i og utafor kommunen.
I 1984 representerte Manger på nytt Norge i EM, denne gongen i Edinburgh. Vinnar vart på nytt Black Dyke mens Manger fekk 12. og Eikanger - Bjørsvik 13. plassen.
På midten av 1980-åra fekk korpset ein avtale med Radøy kommune om å få nytta den gamle barneskulen på Manger til øvings- og lagshus. Med stort engasjement og pågangsmot gjekk medlemane inn for jobben med å rehabilitere og gjere "Huset" høveleg til øvingslokale. Det var ikkje få dugnadstimar som vart lagt ned her! Resultatet vart ein samlingsstad og ei viktig kjelde til det gode miljøet og samhaldet som var i musikklaget.
I 1985 var musikklaget på sin første større utenlandsturnè. Det mest naturlege var difor å leggje denne til brass band rørsla si vugge: Storbritannia. Bussjåfør på turen var som ofte før Rasmus Grindheim. Turneen var det siste Michael Antrobus gjorde som fast hovuddirigent for korpset, han har sidan vore inne som dirigent i periodar. Tom Brevik vart no igjen korpset sin hovuddirigent fram til 1989, noko som bl.a resulterte i sigrar i Siddis Brass og Dutch Open.
Breidda i toppskiktet var i desse åra byrja å spreia seg, sjølv om "anger-korpsa" vart eit begrep. I mange år vart dei tre øverste plassane vunne av anten Eikanger-Bjørsvik, Stavanger Brass Band eller Manger Musikklag. Ein annan tendens var bruken av engelske, såkalla "gjestedirigentar" til NM. Føre NM i 1987 vart den engelske dirigenten Roy Newsome spurt om å dirigere korpset i konkurransen. Dette gjorde han både i 1987 og 1988 med to tredjeplassar som resultat.
I 1989 tilsette musikklaget Kim Lofthouse som ny hovuddirigent etter Tom Brevik, ein posisjon han hadde fram til 1992/93. CD'en "Circius" vart laga under hans leiing Ein CD som inneheld norsk musikk og folketonar, der Manger fekk visa sine sterke sider: klang og musikalitet.
Ved inngangen av 1990-åra var korpset på leiting etter å knytte kontaktar med ein ny dirigent til å føre den musikalske utviklinga vidare. Ein hadde høyrd gjetord om ein ung australsk dirigent som nett hadde tatt dirigentjobben i Black Dyke som den yngste nokonsinne. David King vart spurt om å vere dirigent til NM i 1990, noko han svara ja til. Dette skulle vise seg å vere opptakten til eit langt og særs viktig samarbeidsforhold for Manger Musikklag. David King er i dag ein av dei mest framifrå og meritterte dirigentane innan brass band rørsla, og under hans musikalske og karismatiske leiing klarte Manger Musikklag det ingen har klart før: vinne NM fire år på rad i åra 1994-1998.
Korpset har på 90-talet delteke i mange konkurransar, både i inn- og utland. Høgdepunkta er sjølsagt dei 4 NM-sigrane og nokre fantastiske framføringar i Grieghallen. Kanskje med korpset si framføring av Harmony Music under David King si leiing i 1994 som eit høgdepunkt. Dette medførte også EM-representasjon med 4. plass i Luxembourg i 1995 med David King og 3. plass i Bergen i 1996 med Bjørn Sagstad, tidlegare kornettist i Manger Musikklag. Det har også vorte mange store konsertar og turnear. I 1997 spelte laget ved opninga av utvandrarkyrkja på Sletta. Norsk-amerikanarane vart så begeistra for det dei høyrda at korpset vart invitert over. I 1998 reiste musikklaget til USA, og ein turne i 3 statar, Michigan, Minnesota og North Dakota. I tillegg til å vitje Foreman og Brampton, der utvandrarkyrkja opprinnelig stod, deltok korpset i Norsk Høstfest i Minot, som er eit gigantarrangement som samlar norsk-amerikanarar i heile USA.
I 1999 tok Allan Withington, til dagleg trompetist i Bergen Filharmoniske Orkester, over som dirigent. Withington har, bl.a gjennom sitt samarbeid med Brighouse and Rastrick, etablert seg som ein av dei mest markante dirigentane i brass band verda. I februar i år leia han Manger inn til nok ein noregsmeistertittel og kongepokal. Dermed får Manger det ærefulle oppdrag å representere Norge i EM arrangert i Bergen i 2003.
Manger Musikklag har fostra mange musikalske talent, og korpset held i dag er nivå på line med profesjonelle utøvarar. Korpset er på mange måtar eit førebilete for andre korps i Norge. Manger Musikklag var tidleg ute med å stimulere komponering av ny norsk musikk for brass band. Allerede på 80-tallet urfremførte korpset verk av Yngve Slettholm, Terje Rypdal og Ruth Bakke. Ein komponist korpset har hatt særleg glede av er Torstein Aagaard-Nilsen, tidlegare medlem av Manger Musikklag. I 2001 deltok MML på den kjende Autunnalefestivalen i Bergen med et program av norsk samtidsmusikk, og i jubileumsåret 2002 har Manger gitt ut ein CD med dette materialet.
Æresmedlemer
Følgjande er utnemnd til æresmedlemer i Manger Musikklag: Gunnstein Kolstad, Tom Brevik, Sven Hermansen, Harald Matland, Bjørg Hermansen, Petter Morken , Michael Antrobus.
|
|