Infopanel
Nok ein sesong er på trappene
Tysdag 17. august var fyrste øving med Manger Musikklag etter ferien, og allereie til helga vert det oppstartsseminar i Bøvågen på Radøy. Me har ein spanande og innhaldsrik sesong føre oss, og gleda over å møtast igjen og å ta fatt på ein ny sesong var lett å sjå på fyrste øving.
Nokre nye ansikt er det og i år, og me har gleda av å ynskje desse personane velkomne til Musikklaget:
- Bård Leganger Landro på kornett, 16 år og kjem frå Sotra Vest Skulekorps. - Ida Skauge Hjelmeland på kornett, 19 år og har spelt i både Tertnes Skolekorps og Tertnes Brass. - Rinat Arzumov på kornett, 17 år og speler i Manger Skulemusikklag. - Richard Antrobus på baritone, 16 år og speler også i Manger Skulemusikklag. - Birthe Carlsen. 21 år, vår nye solo euphonium, kjem frå Smørås, og har spelt i Kleppe Musikklag. - Espen Haukås på slagverk, 24 år og kjem frå Haukås, har også spelt i (mellom anna) Kleppe Musikklag. - Martin Frantzen på slagverk, 20 år og er også Manger-gut. Han har mellom anna vore med som vikar til NM i år og har spelt i Haukås Musikklag.
Dette var de nye fjesa, men det har også kome tilbake fleire kjenningar. Dette er:
- Helga Vetås på euphonium, ho har vore med på mang ein opptur og nedtur med Musikklaget, og det kom fram på fyrste øving at det faktisk er 33 år sidan ho fyrste gong hun byrja i MML! - Sissel Hermansen Riise på kornett kjem tilbake etter eitt år med svangerskapspermisjon. Ho har også spelt i Manger ei årrekkje, og har også vore med på ein del me Musikklaget, kan ein seie. - Camilla Søderstrøm Tveit på basstrombone er også tilbake etter eitt år i permisjon, og er klar til å blåse fletta av einkvar! (Me ynskjer spesialt Richard Antrobus lykke til der).
Me er også veldig glade for at Martin Winter framleis er med som fast dirigent, og han ser de allereie med bandet på vår fyrste konsert, tysdag 14. september i Manger Kyrkje (mer info kjem om den konserten plutselig).
Sesongen er som sagt full, og dette vert ein av dei meir spanande sesongane for Musikklaget på lenge. Me har BrassWind, samtidsmusikkfestivalen vår, for sjuande år på rad, mellom anna. Me arrangerer festivalen i tillegg til å opptre på den, og i år er det mellom anna eit nyskrive verk av Torstein Aagaard-Nilsen som står på programmet. Solisten er ingen ringare enn David Thornton på euphonium, kjend frå Black Dyke Band. Peter Szilvay, vår NM- og EM-dirigent denne sesongen kjem for å stifte eit tidlig bekjentskap med årets MML på BrassWind.
Festkonserten på Mangerfestivalen skal me også ha, og her vil ein nok få oppleve delar av programmet me stiller med i Siddis Brass.
Siddis Brass er me også klare for. Martin Winter har i år som i fjor, og forfjor, skrive eit flott program til oss, som me håpar å framføre for eit smekkfullt Bjergstedt konserthus.
Tidenes Beste, konsertserien vår som har halde på sidan 2006, har ny konsert i haust. Me er komne til 80-talet i vår vandring gjennom brassbandrepertoaret sine schlägere, og det er nok ein gong Bjørn Sagstad som skal veive oss gjennom det heile. Vår eigen Erlend Vetås Aagaard-Nilsen er solist. Konserten vert oppført både i Bergen og på Manger.
Me skal sjølvsagt spele jula inn i år óg. Julekonserten vert i Manger kyrkje med Peter Szilvay, og om ein er heldig dukkar det kanskje opp ein ikkje heilt ukjend solist?
Norgesmeisterskapen for Brassband kjem sjølvsagt i februar. Då går me alle inn i øvingsbobla der fritid ikkje eksisterer, men kun musikk og konkurranse er i tankane. Peter Szilvay og Manger Musikklag er regjarende Norgesmeistrar og tittelbeskyttarar, og me gler oss alle til å overbevise den gemene hop og dommarane om at det same gjeld i minst eitt år til.
I år er det åtte år sidan sist, men i mai er det atter ein gong tid for Manger å skulle delta i Europamesterskapen for Brassband! Dette finn stad i Montreaux i Sveits fyrste helga i mai, og dette er på alle måter ein spanande konkurranse der me får målt krefter med dei beste brassbanda i Europa.
Etter EM kjem kanskje det største: Det som starta som ein frekk, liten draum i nokon sine sinn har enda opp i at Manger Musikklag vert det fyrste brassbandet nokonsinne til å spele i Operaen i Bjørvika i Oslo. Her skal me oppføre vår eigen opera, "Hypermusikal" av Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo som vart oppført i samband med BrassWind 2009. Dette bør ein ikkje gå glipp av! Bestill fly- eller togbilletter, fyll opp tanken på bilen eller start vandringa over fjellet i retning Oslo no, slik at de er er tidsnok framme til å oppleve Manger Musikklag i Operaen 21. mai 2011!
Som de ser vert dette ein særs spanande sesong for Musikklaget, og me håpar me ser alle våre tilhengjarar på konsertane våre framover.
Me ynskjer alle ein glitrande flott haust, og så sjåast me på vår fyrste konsert for sesongen tysdag, 14. september i Manger Kyrkje!
Til lukke med dagen!
Me i Manger Musikklag ynskjer å sende alle dei beste lukkeønskingar til "våre eigne" Sigrun og Bent Erik, som giftar seg i Brøttum i dag.

Me håpar dykk får ein fantastisk og minneverdig dag i dag, og gler oss med dykk på den store dagen dykkar.
Read More...
Manger Musikklag gratulerer Manger Skulemusikklag!
 Manger Musikklag ynskjer å gratulere Manger Skulemusikklag med ein fantastisk siger i Noregsmeisterskapen for skulekorps brass.
Manger Skulemusikklag vann 1. divisjon med heile 97 poeng, eit halvt poeng framfor Tertnes Skoles Musikkorps. Ekstra kjekk var sigeren nok for dirigenten til skulemusikken, Rune Hannisdal, som med dette dirigerte sin siste konsert med skulemusikklaget. Me ynskjer også å gratulere Sæbø Skulekorps med ein kjempefin 5.-plass i 1. divisjon og Hordabø Skulemusikklag med 10.-plass i 3. divisjon.
Me er stolte over at våre "heimekorps" frå Radøy markerer seg på ein så flott måte!
Ein sesong er over
Då var Manger Musikklag sin sesong 2009/2010 offisielt over, og sommaren ventar på både musikantar, dirigentar, styret og alle støttespelarar som korpset har.
Sesongen vart runda av med ein helgeturnè nordover den 28 - 30. mai, kor me hadde konsertar med skolekorps i Masfjorden og Jølster. Me hadde til og med eit lite konsertstunt som bryllaupsfestorkester i feiringa av 1-års bryllaupsdag for Are Mangersnes og Ingunn Støfring. Begge er tidlegare medlemmar i Manger Musikklag, og me håpar dei satt pris på den litle gesten vår. Resten av helga var det sjølvsagt rom for sosiale arrangement, Grand Prix og litt mimring. Ei flott avslutning på ein flott sesong!
Ved sesongslutt er det alltid litt trist å seie "God sommar", særskilt dei gongane nokon har tatt avgjerda om å forlate Musikklaget. I år er det fire personar som ikkje lenger er med til neste år, desse er Torgeir Andvik, Trine Villanger, Bent Erik Bråten Røed og Thor-Arne Pedersen.

Søskenparet Andvik/Villanger går no ut frå Musikklaget samtidig, og me håpar no (ettersom det ser ut til at dei har samkøyrd planane sine) at dei er tilbake i den svarte og grøne uniforma igjen om to år. Torgeir byrja i Manger Musikklag som liten gut, heilt åleine på slagverksgruppa, og har vakse til ein ung kar med stor lojalitet og integritet. Han skal no ut i den store verda og gå eit år på folkehøgskule før militæret ventar. Trine har sete på barytonrekkja og vore ein gledesspreiar frå dag éin; ho har tatt alle utfordingar i Musikklaget med godt humør og med full oversikt over fråvere og køyring. Trine skal til Trondheim på skule til hausten, og skal heldigvis fortsetje i brassband der då ho har takka ja til plass i Ila Brassband.

Så har me Euphonium-duoen Bråten Røed/Pedersen. Bent Erik har hatt tolv sesongar med Manger Musikklag og har vore med på alle mogelege oppturar og nedturar. Med sine utrulege musikkunnskapar (og alle andre kunnskapar) har han vore ein viktig person i Musikklaget, både i programkomitèen, diverse andre verv og som ein person dei fleste har konsultert i stort og smått. Etter ein lang og spanande reise har han bestemt seg for å gje seg, men me håpar me kjem til å sjå han ved ulike høve i framtida. Euphonium/barytongruppa har dei siste åra vore den mest stabile gruppa i Manger, leiaren for denne har vore Thor-Arne. Etter nokon år i England tok Manger Musikklag meir enn gjerne imot denne flotte solisten som hadde hausta lovord både i England og i Noreg. Ved sidan av det musikalske har Thor-Arne også vore ei viktig brikke i Musikklaget. Han har m.a. vore uvurderleg i det organisatoriske arbeidet, vore leiar i Musikkutvalet i fleire år og også dirigert korpset ved fleire høve. I 9 sesongar har Thor-Arne spilt i Musikklaget. Dei som kjenner Bent Erik og Thor-Arne veit at dei speler meir saman enn "berre" det å spele ved sidan av kvarandre i Manger Musikklag, dei starta og speler m.a. i Bergen Tuba Quartet og har vore som erteris i alle år. Desse to utgjer ein bortimot uslåeleg kombinasjon, eit slikt musikalsk tospann har nok vore få forunnt, og Musikklaget er veldig takknemlege for jobben dei har gjort.
Manger Musikklag ønskjer alle fire lukke til i framtida, og håpar me ser dykk alle igjen!
Kven som skal erstatte desse fire får dykk sjå til hausten, nokre nye fjes, og kanskje nokre de har sett før? Følg med på nettsidene og kom på konsert til hausten!
Stor takk rettast til følgjande personar for eksepsjonelt samarbeid denne sesongen: Martin Winter, Peter Szilvay, Glenn Erik Haugland, Heidi Tronsmo, Trond Korsgård og Bjørn Sagstad.
God Tur til Manger Skulemusikklag!

Manger Musikklag ynskjer skulemusikklaget god tur til Kina 26. mai!
Manger Skulemusikklag har vore så heldige at dei har blitt valde ut av Norges Musikkorps Forbund til å representere norsk korpstradisjon på Expo 2010, betre kjend som Verdsutstillinga, som finn stad i Shanghai i desse dagar.
Samen med artister som Sissel Kyrkjebø, Trondheimsolistane, Secret Garden og Frikar skal Skulemusikklaget blant anna delta på "Norges dag" under utstillingen, den 28. mai.
Med kun tre måneder til å planleggje turen på, har skulemusikklaget og støtteapparatet rundt gjort ein utruleg innsats med både finansiering og organisering. Turen varar fram til 3. juni og har eit tettpakka program med mange konsertar og arrangement.
Les mer om Kina-turen her
og om Expo 2010 her.

|
|