Søk

Endeleg ny nettside!

Velkommen til Manger Musikklag sine nye nettsider! Etter lang tid utan ein ekte heim på verdsveven er me endeleg oppe og går på mangermusikklag.com. Me håpar du vil like deg her, og via denne kanalen kan du halde deg oppdatert på aktivitetane våre, konsertar som kjem, historien vår, nettbutikken, kontaktinformasjonen vår, med meir. Me er også å finne i sosiale medier, på både Facebook, Instagram og YouTube. Hurra! #nettside #nyheiter

Håvard Skutle ny leiar i MML

Årsmøtet til MML vart halde tysdag 28. mars, og her vart Håvard Skutle valt som ny leiar for Manger Musikklag. Han tek over etter Nils-Arne Træland som har hatt denne rolla sidan 2009. Me takkar Nils-Arne for ein framifrå jobb og me er djupt takknemlege for arbeidet han har lagt ned i MML. Det er ingen tvil om at korpset har nytt svært godt av hans klarsyn og tydelege leiing i løpet av desse åra. Vidare har Håvard har vore i styret i MML sidan 2010 og me gler oss til fortsetjinga med han i spissen for MML sin organisasjon. På årsmøtet vart også Birgitte Bjørnsdatter Bruget vart også valt inn som styremedlem. Det nye styret i Manger Musikklag er: Håvard Skutle - leiar Even Skulstad - styremed

MML går i studio

MML går i studio saman med dirigent Allan Withington 20.-23. april På agendaen står intet mindre enn to nye plater som skal komme ut i løpet av 2017. Den første er vår tubaist Joseph Cook si nye soloplate, med musikk frå blant anna Derek Bourgeois og Fredrick Schjelderup, med eit vidt repertoar frå klassisk til "light". Den andre ei juleplate, som har vore etterspurt blant vårt publikum i fleire år når det nærmer seg jul. No kjem den endeleg, og denne vil innehalde alle klassikarane frå julekonsertane våre dei siste åra. Begge platene vert produsert av World of Brass og vert tilgjengelege i vår nettbutikk og på standen vår så raskt dei kjem. #cd #allan #withington #tuba #cook

Konsert med Eikanger-Bjørsvik

Søndag 12. mars var me gjestar på konsert med Eikanger-Bjørsvik Musikklag i Grieghallens foajé, og ein slik felles konsert med MML og EBML har dei to korpsa faktisk ikkje hatt sidan 1980-talet. Dirigent for Manger Musikklag var Bjørn Sagstad, og MML framførte musikk av F. Schjelderup, P. McGhee, J. de Meij og Eric Ball. Howard Evans dirigerte EBML, og Bjørn Sagstad dirigerte også Manger folkehøgskule sitt brassband, som også spelte på konserten. Dette var ein flott kveld, og konserten var svært godt besøkt, i tillegg til at mange følgde med via streamen som EBML sendte via Facebook. Me gler oss til å gjere dette fleire gongar! #eikanger #bjørsvik #grieghallen #manger #folkehøgskule #bjørn #s

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag