Søk

Martin Winter ny sjefsdirigent i MML

MML er svært glade for å kunne meddele at Martin Winter er sjefsdirigent for Manger Musikklag frå august 2017 Martin Winter har dirigert MML ved fleire høve, seinast som vår faste dirigent i åra 2008-2014. Martin har brei erfaring både som dirigent, solist og komponist, og me gler oss stort til å ha han som vår musikalske leiar frå sesongstarten i august 2017. Manger Musikklag vil samstundes nytte høvet til å takke Rune Hannisdal for ein framifrå jobb som vår faste dirigent i åra 2014-2017, og me ser fram til neste gong me får arbeide saman igjen. Første konsert for sesongen som kjem er i Manger kyrkje søndag 27. august kl 18.00. Vel møtt!

Fjerdeplass for MML under WMC 2017

Brass Band Willebroek vann WMC 2017, og MML havna på 4. plass under årets festival. Me gratulerer Willebroek med ein velfortjent siger og seier oss samstundes svært godt fornøgde med framføringane våre begge dagar under tevlinga. I tillegg til pliktnummeret "Tracing Time" av Oliver Waespi framførte MML dette programmet: "The Corsair" - Berlioz - Arr. Brand "Cyrano - La Panache" (utdrag) - Wilby. Tuba solo: Joseph Cook.  "Tundra" - arr. Kvamme "Revelation" - Philip Wilby MML fekk også æra av å spele festkonsert for brassbandtevlinga saman med Carlton Main Frickley Colliery Band frå England. Allan Withington dirigerte alle MML sine konsertar under WMC 2017, og me takkar han for ein heilt str

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag