Søk

Solistkonkurranse under Mangerfestivalen

Laurdag 18. november blei Mangerfestivalen arrangert i Radøyhallen på Manger. Samstudes vart det også arrangert ein solistkonkurranse i Rådhuset på Manger, i regi av Manger Musikklag. Som MOT-ambassadør er utvikling for born og unge viktig for MML. Det å kunne gje unge musikanter ein trygg arena å utfolde seg på er sentralt i utviklinga vidare, ekstra kjekt er det at so mange ynskjer å ta del i arrangementet. Det er ikkje småtteri å stille seg opp på ei scene heilt åleine, og me er imponerte! Resultater frå Solistkonkurransen Klasse 2005 Marie Norheim Lie, Nadia Cuellar, Elida Blomvågnes Pedersen, Selma Palmesen, Elle-Linnea Leonardsen, Martin Sundby, Åshild Andvik, Thea Malene Nordland Kvin

Sølv i Stavanger

MML kapra andreplassen under Siddis Brass 2017! Etter å ha prioritert andre prosjekt førre sesong, var MML med dirigent Martin Winter tilbake i Siddis-manesjen i år. Det enda med ein flott andreplass i elitedivisjonen og ei strålande konsertoppleving for korpset, og me takkar for alle dei flotte tilbakemeldingane me fekk! Alle opptaka frå konkurransen ligg på TV 2 Sumo dersom du vil høyre dei på nytt, og fullstendig resultatliste finn du på Siddis Brass sine heimesider. Foto: British Bandsman

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag