Søk

MOT-kommunen Radøy

Tidlegare denne månaden signerte Radøy kommune ein avtale med organisasjonen for å bli eit Lokalsamfunn med MOT. Radøy kommune er ein svært god og viktig støttespelar for Manger Musikklag, og som stolte MOT-ambassadørar sidan 2010 er det stor stas for oss at vår heimkommune igjen vert ein del av MOT-organisasjonen. "Erfaringa med MOT er at det vert mindre mobbing, både i skulen og på andre arenaer, og det er færre som går utan vener. Det er viktig at ingen skal falle utanfor, det er ein stor verdi i seg sjølv. Det skal og vere aksept for å ikkje vere heilt A4" Sitat: Kommunalsjef Olav M. Hella. Kva er LOKALSAMFUNN MED MOT? Lokalsamfunn med MOT er ein heilskapleg modell for å nå best mogleg

MML deltek på BIC 2018!

Manger Musikklag vender nasene mot Newcastle og storslegne Sage Gateshead for å delta på Brass in Concert 18. november Underhaldningskonkurransen Brass in Concert vert i år arrangert for 42. gong, og i tillegg til ei rekkje britiske toppkorps og MML, er det også to amerikanske korps på deltakarlista i år. Dette er tredje gongen MML deltek på Brass in Concert. Sist gong var heilt tilbake i 1992, og i 1989 før det igjen. Desse korpsa er med i 2018: - Atlantic Brass Band - Brighouse and Rastrick Band - Carlton Main Frickley Colliery Band - Cory Band - Flowers Band - Foden’s Band - Fountain City Brass Band - Grimethorpe Colliery Band - Manger Musikklag - Reg Vardy Band - Virtuosi

Vellukka "Maestra"-prosjekt

Vekene etter NM har MML hatt besøk av tre unge og lovande kvinnelege dirigentar gjennom "Maestra"-prosjektet til NMF, og me hadde konsert i Korskirken i Bergen laurdag 17. mars Ingunn Marie Korsgård Hagen, Guro Ansteensen Haugli og Karoline Torkildsen, saman med mentorane Bjørn Sagstad og Trond Husebø, har hatt alle øvingane og det kunstnarlege ansvaret for dette prosjektet. På programmet stod klassikarar som "Nimrod", "Journey into Freedom" og "Toccata, Oh the Blessed Lord", i tillegg til at både Nick Walkley (principal i MML) og Siri Aastad Kvaleid (solo-euphonium i MML) var solistar på kvar sine verk. Me er glade for å ha fått stifte kjennskap til desse dirigentane, og gler oss til å følg

Opptak frå NM på Youtube

Opptak frå begge framføringane våre under NM 2018 ligg nok tilgjengelege på vår Youtube-kanal! Pliktnummer: "Aubade - Dawn Songs of the Fabulous Birds": Sjølvvalt: "Raveling, Unraveling - In Search of La Valse": Sjå opp frå fleire nye konsertopptak der inne i løpet av kort tid. PS: NM-opptaka er også gjort tilgjengelege på Spotify! Søkeord: "Nm brass"

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag