Søk

MML på Festspillene i Bergen 2018!

MML med dirigent og komponist Allan Withington er med på Festspillprogrammet for 2018 med den musikalske teaterforestillinga "Nr. 5". Allan Withington, dirigent for MML på dette prosjektet, har komponert ei musikalsk og særdeles underhaldande forestilling om livet til ei av dei mest ikoniske kvinnene nokonsinne; Coco Chanel. Det er ei stor ære for oss å vere ein del av programmet til Festspillene i Bergen i år, og me vonar du får dette med deg! Forestillinga går to gongar under festivalen, men berre éin gong for ordinært publikum: Laurdag 26. mai kl 16.00 i Fana Kulturhus. Den andre forestillinga er reservert born i skulealder. Les meir om "Nr. 5" og sikre deg billett på Festspillene i Berge

Speler du althorn? Sjå her!

Frå august 2018 er det ledig plass på althorn i Manger Musikklag Sesongen 2018-2019 byr på mange musikalske godbitar for MML, med store prosjekt og konsertar i både inn- og utland på programmet. Martin P. Winter er vår sjefsdirigent, i tillegg til at Bjørn Sagstad, Trond Husebø, Peter Szilvay og Florent Didier er blant gjestedirigentane me får besøk av i løpet av den komande sesongen. Les om dirigentane våre her Interessert? Ta kontakt med Aidan Smith på aidan.smith@live.co.uk, eller styret via styret@mangermusikklag.com! ENG: Would you like to become a member of Manger Musikklag? We are looking for a tenor horn player to join the band from august 2018! Position negotiable. Manger Musikklag

Heia Norge i Utrecht!

Denne helga representerer Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Stavanger Brass Band og Tasta skolekorps Norge under EM for brassband i Utrecht i Nederland For eit år sidan blei Eikanger-Bjørsvik Musikklag under leiing av ​​Ingar Bergby krona til Europameister, den gong i Oostende i Belgia. Bergby dirigerer EBML i Utrecht også, der dei skal gjere sitt for å forsvare tittelen frå i fjor. Stavanger Brass Band vert leia av Allan Withington, og oversikta av resten av korpsa som deltek finn du her. Fredag ettermiddag går korpsa på scena for å framføre pliktnummeret "Time for Outrage!", skrive av luxembourgaren Marco Pütz. Tevlinga vert arrangert i Grote Zaal i TivoliVredenburg. Laurdag formiddag skal korp

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag