Søk

Vel møtt til den 15. BrassWind-festivalen!

Helga 21.-23. september er det på nytt klart for haustens vakraste eventyr: BrassWind-festivalen, som også i år vert arrangert i den flotte Universitetsaulaen i Bergen. BrassWind har sidan oppstarten i 2004 etablert seg som ein sentral arena for ny musikk for korpsrørsla, og me er usedvanleg stolte av at festivalen i år vil passere si 100. urframføring. I tillegg til å vere festivalarrangørar skal Manger Musikklag også halde konsert om laurdagen med dirigent Bjørn Sagstad. Programmet vårt er sett saman av éin urpremiere, éin noregspremiere, éit ensembleverk, i tillegg til nyare stykker og kjente brassklassikarar som var banebrytande då dei kom i si tid. Dette er: "Ivory Ghosts" - Gavin Higgi

Sesongstart!

Etter ein vellukka og svært triveleg oppstart med helgeseminar i Samnanger og sesongopning i Manger kyrkje saman med Manger Skulemusikklag, er den 96. sesongen til Manger Musikklag godt i gong. Den første øvinga til MML etter sommarferien var i Haukås Musikkhus tysdag 14. august der det vart mange gledelege gjensyn etter ein god ferie, i tillegg til at me endeleg vart betre kjent med dei seks nye musikantane som har begynt i korpset i år. Oppstartseminaret var i vakre Samnanger 24.-26. august der me fekk god tid til å spele oss saman, både på fellesøvingar og i mindre ensembler på tvers av instrumentgruppene i korpset. Sjølve sesongopninga var heime på Manger i kyrkja den 2. september saman

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag