
Vel møtt til den 15. BrassWind-festivalen!
Helga 21.-23. september er det på nytt klart for haustens vakraste eventyr: BrassWind-festivalen, som også i år vert arrangert i den flotte Universitetsaulaen i Bergen. BrassWind har sidan oppstarten i 2004 etablert seg som ein sentral arena for ny musikk for korpsrørsla, og me er usedvanleg stolte av at festivalen i år vil passere si 100. urframføring. I tillegg til å vere festivalarrangørar skal Manger Musikklag også halde konsert om laurdagen med dirigent Bjørn Sagstad. Pr

Sesongstart!
Etter ein vellukka og svært triveleg oppstart med helgeseminar i Samnanger og sesongopning i Manger kyrkje saman med Manger Skulemusikklag, er den 96. sesongen til Manger Musikklag godt i gong. Den første øvinga til MML etter sommarferien var i Haukås Musikkhus tysdag 14. august der det vart mange gledelege gjensyn etter ein god ferie, i tillegg til at me endeleg vart betre kjent med dei seks nye musikantane som har begynt i korpset i år. Oppstartseminaret var i vakre Samnang