
Årsmøte 2020
Manger Musikklag heldt årsmøte i juni 2020 der me valde styre. Det er ikkje store endringar i styremedlemma, men det er nye varamedlemar.
Me vil nytte høvet til å takke Edward Antrobus og Sarah Strandhus Karlsen for jobben dei har gjort som varaer. I tillegg vil me ynskje Ida Skauge Hjelmeland og Torgrim Halse velkommen og lukke til som nye varaer. Me vil også gjerne takke det forrige styret for innsatsen og ynskje det nye styret lykke til! Nils-Arne Træland - Leiar Martin

Ny solo- og andretrombone i MML
Det er med stor glede me kan presentere Eivind Straume som ny solotrombone og Åshild Vetås Aagaard-Nilsen som ny andretrombone i MML frå hausten! Eivind byrja i Manger Musikklag på andretrombone hausten 2018, etter å ha vikariert med korpset ein del allereie på våren. Han er frå Brandbu på Hadeland der han vaks opp i Brandbu skolekorps, og kom vestover i 2014 for å gå på Manger Folkehøgskule. Her spelte han i Flesland Musikklag før han byrja i MML. Eivind er ein strålande fli