
Besetning i MML sesongen 20/21
Manger Musikklag er endeleg i gang med ny sesong, og me er glade for å få spele i lag igjen. Ny sesong tyder også nokre nye fjes og små endringar i besetninga i MML. Me har allereie kunngjort at Eivind Straume er ny solotrombonist i MML og at Åshild Aagaard-Nilsen skal spele andretrombone. Nytt denne hausten er og at Kristine Brennesvik-Karlsen går frå solokornettplass til flugelhornplassen. I tillegg ynskjer vi hjarteleg velkommen til følgjande medlem: Kjetil Morken gjer com

Takk for innsatsen!
Det er endeleg ny sesong og me er allereie godt i gang! Før me presenterer nye medlemmar, vil me gjerne nytte høvet til å takke dei som ikkje skal vere med vidare i laget. Birgitte Bjørnsdatter Bruget For 13 år sidan kom ei blid og sprudlande dame frå Brøttum inn i Manger Musikklag. Dette var sjølvsagt Birgitte Bjørnsdatter Bruget. Ho kom vestover for å gå på Manger Folkehøgskule, og var innom Radøy Brass, Kleppe Musikklag og Krohnengen Brass Band før ho byrja i MML i 2007.