Postkort frå BrassWind 2021
Endeleg festival att! Etter at BrassWind-festivalen vart avlyst grunna Covid-19 i 2020 var det ei stor glede å kunne arrangere BrassWind festivalen 2021, utan restriksjonar. Festivalen gjekk av stapelen fyste helga i oktober i Lungegaarden Arena på Minde i Bergen. BrassWind er ein festival der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler. Under festivalen møtest windband, brassband og ensemble, der flinke, engasjerte amatørar og skulekorpsmusikantar møter pr