100-års dagen
På dagen 22.april feira Manger Musikklag sin eigen 100-års dag på Skogen Sletta. Med dirigent Peter Szilvay i front spelte musikklaget fleire verk med historisk betydning for laget. Mellom verka blei det halde talar frå tidlegare medlemmar og dirigentar om deira tid i Manger, både fysisk og digitalt, frå innland og utland. Historia blei lagt stor vekt på, og ein fekk høyre om dei spe byrjingane til korpset i 1922 under dirigent Anton Nygård, 20-års jubileet til musikklaget un