Søk

Vellukka "Maestra"-prosjekt


Vekene etter NM har MML hatt besøk av tre unge og lovande kvinnelege dirigentar gjennom "Maestra"-prosjektet til NMF, og me hadde konsert i Korskirken i Bergen laurdag 17. mars

Ingunn Marie Korsgård Hagen, Guro Ansteensen Haugli og Karoline Torkildsen, saman med mentorane Bjørn Sagstad og Trond Husebø, har hatt alle øvingane og det kunstnarlege ansvaret for dette prosjektet. På programmet stod klassikarar som "Nimrod", "Journey into Freedom" og "Toccata, Oh the Blessed Lord", i tillegg til at både Nick Walkley (principal i MML) og Siri Aastad Kvaleid (solo-euphonium i MML) var solistar på kvar sine verk.

Me er glade for å ha fått stifte kjennskap til desse dirigentane, og gler oss til å følgje utviklinga deira vidare! Til slutt ønskjer me Lillestrøm Musikkorps, Musikkforeningen Nidarholm og Sarpsborg Janitsjar, som også er med på Maestra-prosjektet, lukke til med sine konsertar.

Neste prosjekt for Manger Musikklag er Oslo Brassfestival. Les meir om dette arrangementet her.


Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag