Søk

MOT-kommunen Radøy


Tidlegare denne månaden signerte Radøy kommune ein avtale med organisasjonen for å bli eit Lokalsamfunn med MOT.

Radøy kommune er ein svært god og viktig støttespelar for Manger Musikklag, og som stolte MOT-ambassadørar sidan 2010 er det stor stas for oss at vår heimkommune igjen vert ein del av MOT-organisasjonen.

"Erfaringa med MOT er at det vert mindre mobbing, både i skulen og på andre arenaer, og det er færre som går utan vener. Det er viktig at ingen skal falle utanfor, det er ein stor verdi i seg sjølv. Det skal og vere aksept for å ikkje vere heilt A4" Sitat: Kommunalsjef Olav M. Hella.

Kva er LOKALSAMFUNN MED MOT?

Lokalsamfunn med MOT er ein heilskapleg modell for å nå best mogleg inn til ungdom med MOT sin filosofi og bodskap. Dette vert synleggjort slik:

· Toppleiarane i lokalsamfunnet og skulane har eigarskap til MOT og ser stor verdi i MOT sitt haldningsarbeid

· MOT er en raud tråd på ungdommen sine arenaer. Gjennom program i skulen, tiltak på fritidsarenaen, kommunikasjon i media og tilgjengeleg identitetssymbol, kan det å ta eigne val og få mot til å bry seg verta ein livstil for ungdom som ønskjer det

Les meir om Radøy kommune sitt samarbeid med MOT her. Les meir om MOT her.


Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag