top of page

Konsert med Eikanger-Bjørsvik


Søndag 12. mars var me gjestar på konsert med Eikanger-Bjørsvik Musikklag i Grieghallens foajé, og ein slik felles konsert med MML og EBML har dei to korpsa faktisk ikkje hatt sidan 1980-talet.

Dirigent for Manger Musikklag var Bjørn Sagstad, og MML framførte musikk av F. Schjelderup, P. McGhee, J. de Meij og Eric Ball. Howard Evans dirigerte EBML, og Bjørn Sagstad dirigerte også Manger folkehøgskule sitt brassband, som også spelte på konserten.

Dette var ein flott kveld, og konserten var svært godt besøkt, i tillegg til at mange følgde med via streamen som EBML sendte via Facebook. Me gler oss til å gjere dette fleire gongar!

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page