NMF satsar på kvinnelege dirigentar


Norges Musikkorps Forbund (NMF) har lansert programmet "Maestra" som har kvinnelege dirigentar som satsingsområde, og Manger Musikklag er eitt av korpsa som er med i prosjektet.

Maestra er retta mot yngre kvinnelege korpsdirigentar og målet er å få etablert fleire kvinner som dirigentar for dei fremste vaksenkorpsa i landet. Manger Musikklag, saman med Lillestrøm Musikkorps, Musikkforeningen Nidarholm og Sarpsborg Janitsjar er korpsa som er med, og me gler oss til å få våre dirigentar på besøk!

Alle korpsa stiller produksjonar til rådighet og dirigentane i Maestra får fullt musikalsk og kunstnarleg ansvar for desse. Prosjektperioden er mellom hausten 2017 og desember 2018. Er dette noko for deg, eller kjenner du nokon som bør melde seg på?

Meir informasjon og påmelding finn du på Norges Musikkorps Forbund sine nettsider.

#kvinnelege #dirigentar #nmf #maestra #nyheiter

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag