top of page

Fjerdeplass for MML under WMC 2017


Brass Band Willebroek vann WMC 2017, og MML havna på 4. plass under årets festival.

Me gratulerer Willebroek med ein velfortjent siger og seier oss samstundes svært godt fornøgde med framføringane våre begge dagar under tevlinga. I tillegg til pliktnummeret "Tracing Time" av Oliver Waespi framførte MML dette programmet:

"The Corsair" - Berlioz - Arr. Brand "Cyrano - La Panache" (utdrag) - Wilby. Tuba solo: Joseph Cook.  "Tundra" - arr. Kvamme

"Revelation" - Philip Wilby

MML fekk også æra av å spele festkonsert for brassbandtevlinga saman med Carlton Main Frickley Colliery Band frå England. Allan Withington dirigerte alle MML sine konsertar under WMC 2017, og me takkar han for ein heilt strålande jobb!

WMC-meistrar: Brass Band Willebroek


bottom of page