MML reiser til World Music Contest 2017

June 26, 2017

Manger Musikklag reiser til World Music Contest (WMC) 2017 i Kerkrade, Nederland for å forsvare tittelen frå 2013

 

MML returnerer til det som kanskje er verdas største akustiske musikkfestival, World Music Contest i Kerkrade i Nederland, for å forsvare tittelen derfrå frå 2013. Allan Withington dirigerer MML, akkurat som sist korpset deltok på denne festivalen.

I løpet av vekene før me reiser er me så heldige at me får øve både i Eikanger-Bjørsvik sine flotte lokaler i Knarvik, og i Soli Brass sine lokaler i Leeuwarden heilt nord-vest i Nederland. Soli er også vertskap for Allan Withington's Conductor Summer School som føregår heile den siste veka før WMC i Leeuwarden, der Allan både instruerer kursdeltakarane sine og dirigerer MML på alle øvingane før me reiser avgårde til Kerkrade.

 

Fleire av MML sine musikantar deltek også på dette dirigentkurset, og MML held konsertar både i Leeuwarden og Voerendal på veg til Kerkrade i løpet av dagane før WMC Kerkrade 2017. Følg med på våre sosiale medier på turen for meir hyppige oppdateringar enn det du vil sjå på desse nettsidene!

 

 

 

 

Please reload

Utvalgt innlegg

Vil du spele i Manger Musikklag?

April 30, 2019

1/5
Please reload

Siste innlegg

April 1, 2019

March 25, 2019

February 28, 2019

February 9, 2019

December 31, 2018

November 16, 2018

Please reload

Arkiv
Please reload

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2019 Manger Musikklag