Heia Norge i Utrecht!

May 2, 2018

Denne helga representerer Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Stavanger Brass Band og Tasta skolekorps Norge under EM for brassband i Utrecht i Nederland

 

 

For eit år sidan blei Eikanger-Bjørsvik Musikklag under leiing av Ingar Bergby krona til Europameister, den gong i Oostende i Belgia. Bergby dirigerer EBML i Utrecht også, der dei skal gjere sitt for å forsvare tittelen frå i fjor. Stavanger Brass Band vert leia av Allan Withington, og oversikta av resten av korpsa som deltek finn du her.

 

Fredag ettermiddag går korpsa på scena for å framføre pliktnummeret "Time for Outrage!", skrive av luxembourgaren Marco Pütz. Tevlinga vert arrangert i Grote Zaal i TivoliVredenburg. Laurdag formiddag skal korpsa framføre sine sjølvvalde verk, og sidan tevlinga er lukka for dommarane begge dagar, vert både trekninga av spelerekkjefølgen og kven som speler kva sjølvvaltnummer ikkje offentliggjort før på dagen.

                                                                                      

Du kan følgje direktesendinga frå EM på BrassPass.tv, i tillegg til at mellom anna 4barsrest skriv mykje på sine sider undervegs. Følg også med i diverse sosiale medier på emneknaggen #ebbc2018

 

Tasta skolekorps med dirigent Morten Øvrebekk deltek i "Development Section" på EM for skulekorps, som er søndag formiddag i den same salen. Der skal dei konkurrere med Brass Band Aukštyn frå Litauen, Elland Silver Youth Band og Wardle Academy Youth Band frå England. 

 

Manger Musikklag ynskjer alle saman hell og lukke i Nederland! Me krysser fingrane for at Norge og Vestlandet bit godt frå seg. Lukke til!

 Foto: Grote Zaal, TivoliVredenburg

 

 

Please reload

Utvalgt innlegg

Vil du spele i Manger Musikklag?

April 30, 2019

1/5
Please reload

Siste innlegg

April 1, 2019

March 25, 2019

February 28, 2019

February 9, 2019

December 31, 2018

November 16, 2018

Please reload

Arkiv
Please reload

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2019 Manger Musikklag