top of page

Til minne om Sven Hermansen


Sven Hermansen, æresmedlem i Manger Musikklag, har gått bort.

Musikant i Manger Musikklag i 30 år, dirigent for korpset i to av desse saman med mellom anna Tom Brevik, innehavar av ei enorm rekkje verv i organisasjonen vår gjennom ein mannsalder, eit av dei første styremedlemma i Brass Band Klubben, aktiv musikant i Manger Old Star Brass i mange, mange år, og ein sentral støttespelar for MML gjennom heile sitt vaksne liv; det er umogleg å omtale vår gode ven Sven utan å ta i bruk dei store orda.

Då han fekk æresmedlemskapet i MML i 1990 vart dette mellom anna tildelt på grunn av «…hans totale lojalitet til, engasjement for, og kjærleik til Manger Musikklag.».

Sven var ei eldsjel av dei heilt sjeldne, med mange og sterke meiningar om det meste som omhandla MML, og han gjorde sitt for å fortelje historia om musikklaget til alle dei som ville høyre på. Alltid smilande, blid og oppmuntrande. Han var på ein måte alltid der MML var, med på utallege turar etter han gav seg som spelande medlem, og dessutan ein konsertgjengar av rang. Sjølv dei siste åra då forma var begynt å svikte møtte han stadig opp på både konsertar og julebord, til stor glede for oss og alle andre. Eit spesielt godt minne for oss frå denne tida er «Sven sin konsert» i Manger kyrkje laurdag 20. desember 2014 med dirigent Peter Szilvay, der me fekk spele musikk som Sven hadde plukka ut, for eit publikum han hadde invitert. Ei stor, stor ære for Manger Musikklag.

Me kjem til å sakne engasjementet og det varme smilet hans, og ser med glede tilbake på utallege gode minner saman med gode Sven. Mangerbygda har mista ein heidersmann, og det er ingen tvil om at Manger Musikklag ikkje hadde vore det same korpset utan det enorme arbeidet han har lagt ned, og den positive påverknaden han har hatt for oss.

Me er djupt takksame og audmjuke for at Sven Hermansen var knytt til Manger Musikklag. Ord blir fattige.

Alle våre tankar og kjærleik går til Sven sin familie i denne tunge tida.

Me lyser fred over Sven Hermansen sitt minne.


bottom of page