top of page

Vel møtt til den 15. BrassWind-festivalen!


Helga 21.-23. september er det på nytt klart for haustens vakraste eventyr: BrassWind-festivalen, som også i år vert arrangert i den flotte Universitetsaulaen i Bergen.

BrassWind har sidan oppstarten i 2004 etablert seg som ein sentral arena for ny musikk for korpsrørsla, og me er usedvanleg stolte av at festivalen i år vil passere si 100. urframføring.

I tillegg til å vere festivalarrangørar skal Manger Musikklag også halde konsert om laurdagen med dirigent Bjørn Sagstad. Programmet vårt er sett saman av éin urpremiere, éin noregspremiere, éit ensembleverk, i tillegg til nyare stykker og kjente brassklassikarar som var banebrytande då dei kom i si tid. Dette er:

  • "Ivory Ghosts" - Gavin Higgins. Noregspremiere!

  • "Circius" - Torstein Aagaard Nilsen

  • "Trio per Uno - Mvt. 1" - Nebojsa Zivkovic. Slagverkensemble

  • "Clapp!!!" - Paul McGhee

  • "Send Fire" - Dan Baczkowski. Urframføring!

  • "Spectrum" - Gilbert Vinter

Årets festivalprogram femner vidt, og i løpet av BrassWind sine tre dagar får du oppleve både profesjonelle korps og ensembler, solistkonsertar, amatørkorps, skulekorps, med meir.

Aktørane er:

Me sjåast i Universitetsaulaen!

Meir informasjon:


bottom of page