top of page

Ein æra er over!

Martin Winter gjev seg som fast dirigent i Manger Musikklag. I samband med dette ønskjer me å heidre Martin med eit lite tilbakeblikk og ikkje minst rette ei stor takk for alt han har gjort for laget over mange år.

Martin kjem frå Measham i England og byrja å spele kornett då han var 5 år gamal. Martin var eit sjeldant stort talent, og vart etter kvart prinsipal i Desford Colliery Band. Han har òg hatt prinsipalplass i fleire av dei beste brassbanda i England, som Britannia Building Society Band, Williams Fairey Band og Yorkshire Building Society Band. Martin blei musikar og har vunne ei rekkje solistkonkurransar i England. I 2000 flytta Martin til Bergen for å spele i Bergen Filharmoniske Orkester, der han enno jobbar.

2008 skulle bli eit viktig år for Manger Musikklag. Det var nemleg året der Martin Winter kom til Manger og skulle jobbe som laget sin faste dirigent fram til 2014. Heldigvis for laget kom Martin tilbake i 2017 og har heldt fram som fast dirigent fram til våren 2023. I desse åra skjedde det mykje i Manger. Martin la ned eit stort arbeid og hadde med seg metodar som skulle auke dei grunnleggjande musikalske elementa i korpset. Martin var heilt avgjerande for sigeren i NM i 2010, og ikkje minst EM-sigeren i 2011, og han har heile vegen vore innovativ og nytenkjande. Martin har komponert mykje for laget og fått fram utradisjonelle og uforventa komponentar i musikken han har skrive. Fleire av Siddis-programma til Martin har gitt siger i Siddis brass, seinast i 2021 med hans hyllest til Purcell.

Martin Winter har i alle år nytt stor respekt og anerkjenning frå musikantane i MML. Hausten 2022 blei Martin æresmedlem i laget. Han er kunnskapsrik, meistrar ulike stilartar og er sjølv musikar i verdsklasse. Martin er tolmodig og samtidig kravstor. Han har spelt ei avgjerande rolle for å halde Manger heilt i toppsjiktet av brassverda. Me er evig takksame for jobben Martin Winter har gjort for korpset. Det er heilt sikkert at denne jobben har vore avgjerande for at Manger Musikklag framleis er eit toppkorps både nasjonalt og internasjonalt. Me ynskjer Martin lukke til med alle prosjekter i framtida, og vonar sjølvsagt at me får sjå han igjen ved nokre høve i Manger Musikklag. Takk, Martin.


Comments


bottom of page