top of page

Er du ein ungdom som drøymer om å spele med MML?

  • Forfatterens bilde: Brynjar
    Brynjar
  • 12. jan. 2022
  • 1 min lesing

Oppdatert: 2. feb. 2022

Går du rundt med ein draum om å spele med Manger Musikklag i Grieghallen? Da har du sjansen din no!


Laurdag 17. september 2022 arrangerer MML nemleg ein storslått jubileumskonsert i Grieghallen i Bergen – og her ønskjer me å ha med oss ein eller fleire ungdommar som sine MOT-gjestar!


Reise og opphald i Bergen vert dekka av Manger Musikklag og MOT Norge.

I november 2021 vann Manger Musikklag Siddis Brass, som er den største nasjonale underholdningskonkurransen for brassband.

– Så bra at dere er nasjonale MOT-ambassadører, og jobber for å skape robuste ungdommer. Det synes på scenen!

Denne kommentaren var éin av tilbakemeldingene MOT sitt ambassadørlag fekk frå dommerpanelet i underhaldningskonkurransen. Me er sjølvsagt stolte ambassadørar!


Har du lyst til å vere med?

Send ein skriftleg søknad der du fortel litt om deg sjølv og draumen din til jubileum@mangermusikklag.com innan 1. mars. Manger Musikklag gler seg til å høyre om din draum – og kanskje er det nettopp du som får bli med oss på scena i Griegsalen ikledd grønn og svart jakke!





 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page