Laurdag 18. oktober hadde Manger Musikklag igjen gleda av å få spele festkonsert på Mangerfestivalen. Musikklaget saman med dirigent for høvet, Patrik Randefalk, hadde førebudd eit program som skulle underhalde skulekorpsmusikantane på festivalen.
Foto: Mangerfestivalen Det er alltid stas og kjekt for laget å få spele for unge og lovande musikantar. MML ønskjer å gratulere alle som spelte i helga - både solistar og koprs - de er så modige og gode alle saman. I tillegg hadde me MOT-stand i Radøyhallen der me fekk snakka med masse skulekorpsmusikantar og delt ut diverse merch i høve "MOT til å glede-dagen som er i november!
Me høyrer at ein allereie kan melde seg på Mangerfestivalen 2024 - og vil oppmode alle til å gjere det. Påmelding skjer via www.Mangerfestivalen.no