top of page

Festkonsert på Mangerfestivalen!

  • sarahstrandhusk
  • 18. nov. 2024
  • 1 min lesing

Laurdag 16. november var det duka for Mangerfestivalen 2024. Manger Musikklag, under

leiing av fast dirigent, Tormod Flaten, fekk gleda og æra av å spele festkonserten. Det var fullsett sal i Radøyhallen og god stemning heile kvelden. Publikum fekk mellom anna høyre kjend musikk frå filmverda, for ikkje å snakke om at Tormod Flaten tok fram instrumentet og spelte solo, til gledje for alle i salen.


Manger Musikklag ønskjer å gratulere alle med ei fantastisk helg; deltakarar, arrangørar, dommarar, frivillige og alle som hadde noko med festivalen å gjere. Ein ekstra stor takk til Mangerfestivalen - takk for at me i år igjen fekk vere ein del av denne flotte helga!


No ser me fram til Dirigentlab førstkomande helg, før me skal førebu heile to julekonsertar. Håpar å sjå mange der - billettar kan ein få allereie no på Ticketco.

FOTO: MANGERFESTIVALEN

 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page