top of page

Jubileumskonserten

Manger Musikklag ønskjer å rette ein stor takk til alle som valde å ta turen til Grieghallen i høve jubileumskonserten, det betyr verkeleg mykje. Me kjenner oss framfor alt veldig audmjuke og heldige som får bere vidare eit lag som no har eksistert i 100 år. Laurdag kveld 17.09, fekk me alle høyre store og små augneblink frå laget si rike historie. Kvelden hadde stor variasjon med alt frå klassiske perler til showmusikk, mange dirigentar, fleire solistar og variert musikk. Det vart ein kveld med historieforteljing, dans, song, latter og tårer.

Det vart utnemnd to nye æresmedlem i går kveld. Me vil igjen gratulere tidlegare tubaist og styreleiar, Øyvind Storheim, og vår fantastiske dirigent, Martin Phillip Winter, som nye æresmedlem. De har betydd, og betyr endå, utruleg mykje for laget. Det er heilt naudsynt og viktig for eit lag som MML å ha slike folk i spissen og me synast det er vanskeleg å finne ord som får fram kor takksame me er.



Me har mange me ønskjer å takke etter ein slik kveld. Tusen takk til Linda Eide som leia oss gjennom kvelden på ein fantastisk måte, til Silya Nymoen for flott song og for å skape ein fest for heile salen og til Erlend Aagaard-Nilsen for nydeleg flygelhornspel. I tillegg vil me takke Martin Winter, Erlend Aagaard-Nilsen, Anne Britt Hermansen, Kjetil Morken, William Grøv Skramsett og Rune Gundersen for trompetspel.

Me må sjølvsagd og få rette ein stor takk til alle involverte dirigentar; Martin Winter, Tom Brevik, Margie Sutherland Antrobus, Allan Whithington, Eline Storheim og Peter Sebastian Szilvay. Laget hadde ikkje vore der me er i dag utan så gode dirigentar og me er evig takksame! Me må og trekkje fram Manger Skulemusikklag, Sæbø Skulemusikklag og Hordabø Skulemusikklag med dirigent Thorgeir Thunestvedt, for at de var med på konserten og viste kva for ein fantastisk gjeng med unge musikantar me har på øya.

I tillegg vil me rette ein stor takk til Kulturoperatørene AS, med Øyvind Storheim i spissen, for fantastisk produksjon og gjennomføring. De er profesjonelle til fingertuppane og alt gjekk som det skulle. Ein takk går og til Lars Kristian Gjøvåg for all hjelp i Grieghallen og til Frantzen Gartneri for flotte dekorasjonar på konserten.

Manger er stolte MOT-ambassadørar og me var så heldige å ha med oss fire musikantar som fekk oppfylt draumen om å spele med MML på jubileumskonserten i går. Tusen takk til Victoria Bårdsen Fjellanger, Jonas Stormoen Roel, Hedvig Styve Mjånes og Johanne Bårdsen for at de ville vere med oss på konsert og for at de hadde MOT til å drøyme! Det er så viktig at ein tør å gjere ting ein drøymer om, og for oss i MML var det ein draum å ha dykk med på laget! MOT Norge

Manger Musikklag vil takke jubileumskomiteen, med Marianne Bratshaug Gjertsen, Astrid Morken, Astri Anne Svidal Dagestad, Erika Husebø og Tina Kvamme for jobben med å lage til ein så flott jubileumskonsert. Me må også takke Anne Kolstad Morken for regi på programmet og flotte bilete frå konserten. Dette vart ein kveld som alle involverte aldri vil gløyme, og det vart ein verdig feiring av ei 100 år lang historie.

Manger Musikklag

bottom of page