top of page

"Klassiske perler" vert utsett

  • Forfatterens bilde: Brynjar
    Brynjar
  • 11. mars 2020
  • 1 min lesing

MELDING OM UTSETJING AV KONSERTEN "KLASSISKE PERLER"


Som følgje av utviklinga av koronaviruset dei seinaste dagane, ser me det diverre som naudsynt å utsetje konserten "Klassiske perler", som eigentleg skulle funne plass sundag 15. mars.


Me tek situasjonen på alvor, og etter råd og retningslinjer frå Folkehelseinstituttet finn me det ikkje forsvarleg å gjennomføre eit arrangement med mange menneske samla på same plass denne helga.


Planen er å utsetje konserten til ei seinare tid når dei offentlege styresmaktene finn det forsvarleg igjen. Me er sjølvsagt veldig lei oss for dette, og håpar alle kjem på konserten ved eit seinare høve.


For refusjon av billettar, kontakt oss på styret@mangermusikklag.com.


Venleg helsing Manger Musikklag





 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page