Meistermøte 2020

Laurdag 29. august spelte Manger Musikklag si fyrste konsert i sesongen 20/21. Konserten vart heldt i Knarvik Kyrkje i lag med Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Begge korpsa høyrer no heime i Alver kommune, og difor vart det naturleg å innleie sesongen med felles konsert.

Manger Musikklag starta konserten og spelte mellom anna musikk av Sparke og Gregson, og Jonas Puntervoll var solist på tuba. MML var under leiing av vår faste dirigent, Martin Winter. Eikanger-Bjørsvik Musikklag kunne og by på musikk av Gregson, for ikkje å gløyme ein vakker trombonesolo frå Vidar Nordli. EBML var under leiing av dirigent Reid Gilje.


Konserten vart streama på facebook og er endå tilgjengeleg på: https://www.facebook.com/watch/?v=314217766464411&extid=Rs98ZccxSHG1I9lu


MML tykkjer det var utruleg kjekt å endeleg få spele konsert saman igjen med publikum i salen. Det har vore ein lang periode utan øvingar eller konsertar i år, noko me verkeleg har sakna. Det er ekstra kjekt å starte sesongen med at me endeleg får til ein felles konsert med våre vener og naboar i Eikanger-Bjørsvik - takk for samarbeidet!


Neste konsert med Manger Musikklag er allereie 6. september i lag med Manger Skulemusikklag (i Radøyhallen).


Vel møtt!

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag