top of page

Nils-Arne Træland er utnemd som æresmedlem i MML

Sundag 2. februar var det tradisjon tru duka for før-NM-konsert på Skogen Sletta. Manger Musikklag framførte begge NM-stykka sine, og Radøy Brass Band og Manger Old Star Brass spelte sine verk. I tillegg vart Nils-Arne Træland, mangeårig styreleiar og musikant i MML, utnemd til æresmedlem i Manger Musikklag. Træland mottok ståande applaus og trampeklapp, samt tale, blomer og æresmedlemsskap frå styreleiar Marianne Bratshaug Gjertsen.

Foto: Anne Kolstad Morken


TALE TIL NILS-ARNE

Manger Musikklag har som kjent vore i samanhengande drift i over 100 år. Dette hadde ikkje vore mogleg utan ei rekkje eldsjeler som opp igjennom tidene har tatt eit stort ansvar for å drifte laget. I dag vil me nytte høvet til å takke ei av desse eldsjelene.

 

Nils-Arne Træland frå Lindås byrja i MML på Bb-tuba i 2004. Denne perioden var ein krevjande tid for musikklaget som gjekk gjennom eit generasjonsskifte og hadde svært anstrengt økonomi. Korpset var også prega av ustabil besetning, som igjen prega dei musikalske prestasjonane. I 2009 vart Nils-Arne valt som leiar og han tok raskt tak i dei  store utfordingane. Han innførte knallhard økonomistyring, brukte alle metoder for å få på plass ei god og stabil besetning og engasjerte Martin Winter og Peter Szilvay som lagets faste dirigentar, som viste seg å vere ein svært god kombinasjon.

 

Allereie i 2010 vann MML NM, dei vann EM i 2011 og WMC i 2013. Laget har og 3 Siddis-sigrar i denne perioden. Nils-Arne var leiar i heile 13 år, fram til og med det store jubileumsåret i 2022 med ei rekkje store markeringar. Nils-Arne sine gode leiareigenskapar og handlekraft fekk laget tilbake som eit stabilt toppkorps med sunn drift og stabilt høgt musikalsk nivå.


Nils-Arne er framleis ein god støttespelar for MML og han bidrar på mange ulike måtar for laget.

Manger Musikklag utnemner hermed Nils Arne Træland som æresmedlem i Manger Musikklag for hans årelange og ekstraordinære innsats for laget.


Ståande applaus og store gratulasjonar til Nils-Arne frå heile Manger Musikklag!

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2024 Manger Musikklag

bottom of page