top of page

Reisebrev frå Europaturné

Tysdag 25. juni, veldig tidleg om morgonen, møtte 36 spente og klare MMLarar opp på Bergen lufthavn Flesland. Etter litt om og men med innsjekk av spesialbagasje, var me raskt klare for å setje i gong med det som skulle vise seg å verte ein fantastisk turné gjennom fleire land i Europa.

Den fyrste dagen blei ein lang reisedag. Laget landa i Nederland og tok buss vidare til Gent i Belgia same dag. Bussturen blei noko lengre enn forventa grunna mykje trafikk, men då me kom fram venta hotell, basseng og god mat og drikke. På onsdagen hadde me fri store delar av dagen. Me var på sightseeing med båt, shoppa, spiste is og vitja store og praktfulle bygg i Gent. I tillegg hadde me ei øving i eit lokale som Brassband Gent var så greie å hjelpe oss med - tusen takk!

Torsdag var det klart for fyrste konsert på turneen. Denne konserten var i lag med Hauts-de-France Brass Band i lokalet Le Kiosk i Lille. Musikklaget tok buss tur - retur Lille, men fekk likevel tid til å spele ein fantastisk konsert og ikkje minst bli oppverta med noko godt i glaset og baguetter i god fransk stil før me køyrde heim igjen seint på kvelden. HDF spelte ein flott konsert med fantastiske solistar, og det heile avslutta med fellesnummer.

På fredag sjekka me ut frå hotellet i Gent etter nokre fantastiske dager. Dette er ein plass me verkeleg vil tilrå andre å reise til. No gjekk bussen vidare til Hilversum i Nederland. Etter eit par timar til å sjå kva Hilversum hadde å by på, var det klart for konsert i Muziekcentrum van de Omroep saman med Brassband Schoonhoven. Dette viste seg å vere eit flott konsertlokale med god klang i rommet. Schoonhoven spelte ein fantastisk konsert før det var Manger musikklag sin tur. Her fekk ein mellom anna høyre masse norsk musikk, men og musikk frå alle dei tre landa me vitja på turneen. Konserten avslutta med massed band der begge korps kom på scena og spelte «The lost chord» av Arthur Sullivan i eit arrangement av Gordon Langford. Dette vart ei mektig oppleving for både spelande og lyttande i salen. Etter konsert fekk me tid til å bli kjende med musikantane i Schoonhoven - ein heilt super gjeng der me har fått mange nye, gode vener.


Laurdag morgon var det klart for å køyre vidare - denne gongen til Brussel i Belgia. Her sjekka vi inn på eit flott hotell før me hadde øving. Konserten denne kvelden var i lag med Brassband Willebroek, som spelte ein heilt fantastisk konsert. Manger Musikklag hadde mellom anna gleda av å spele «Osterfjorden» av Stijn Aertgeerts, som satt i salen denne kvelden. Stijn speler med Brassband Willebroek, og det var ei ære for MML å kunne framføre hans stykke på denne konserten. Turneen blei avslutta med nok ei runde med massed band, der Brassband Willebroek og Manger musikklag stod på scena saman.

Me vil rette ei gigantisk takk til korpsa som arrangerte desse konsertane og ønskja å dele scene med Manger Musikklag. Ikkje minst vil me takke for at dei og tok seg tid til å bli kjende med oss. Me set stor pris på dei opplevingane me har hatt i tre land denne veka. Tusen takk til Hauts-de-France Brass Band, Brassband Schoonhoven og Brassband Willebroek. Musikklaget vil og takke vår kunstnarlege leiar Allan Withington som førebudde laget og leia oss trygt gjennom tre konsertar. Me vil og takke styreleiar Marianne Gjertsen som var reiseleiar på turen, og ikkje minst komiteen som har jobba over eit år for at dette skulle bli ein bra tur. Takk til Pia Withington, Sofie Øian, Åshild Aagaard-Nilsen, Sigurd Olsen, Sarah Strandhus Karlsen og Preben Johansen.


Turneen markerte avslutninga på MML sin sesong 2023/2024. Me vil takke alle som har vore med å å gjere dette til ein fantastisk sesong; musikantane, styret, dei som kjøpte lodd, støttelaget, dirigentar, publikum. No ser me fram til neste sesong - du kan allereie no setje av datoar for konsertane ved å sjekke vår kalender på nettsida.


God sommar!

Commentaires


bottom of page