top of page

Slagverksdag på Gamle Alversund Skule!

Den 15. september arrangerte Manger Musikklag SLAGVERKSDAG nummer to i 2024. Her fekk slagverkarar nyttige tips til øving frå Snorre S Svenningsen, profesjonell slagverkar frå Sjøforsvarets Musikkorps. I tillegg var det samspel og inndeling i mindre grupper. Tusen takk til alle som tok turen til SLAGVERKSDAG 15. september på Gamle Alversund skule ! Det vart ein fantastisk dag på alle vis, med masse speleglede og samspel med slagverkarar i alle aldrar!


Me i Manger Musikklag vil rette ei stor takk til Snorre S. Svenningsen for strålande leiing gjennom heile dagen. I tillegg vil me takke Hogne Olai Holmås for å ha lånt oss alt det gode utstyret. Ikkje minst må me takke Sparebanken Vest og Alver kommune for middel som gjorde det mogleg å arrangere eit slikt treff for slagverkarar i området.


Det vert ny slagverksdag til våren, så følg med for meir informasjon!



Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2024 Manger Musikklag

bottom of page