
Professor David King
Professional Conductor
David King (f. 1957) har i over 40 år hatt ein framtredande karriere som internasjonal dirigent, instrumentalist og musikkpedagog. David King vart tildelt tittelen “International Brass Musician of the Year” i 1992 og fullførte sin doktorgrad i musikk i 2000 - den første mottakaren av ein doktorgrad innan forsking på utøvande musikk i britisk universitetssektor. I 2003 vart han tildelt eit professorat og før 2009 var han leiar for utøvande musikk ved University of Salford i England.
Frå 2004-2007 var professor David King leiar for mastergradstudiet ved University of Salford - det største musikkutdanningsprogrammet knytta til forsvarsdepartementet i Storbritannia og Her Majesty’s Royal Marines.I 2002 vart professor David King dirigent og musikalsk leiar av ‘Massed Bands of the North West of England’ som opptrådde på avslutningsseremonien til samveldeleikane i Manchester.
David King har representert England i europameisterskapen for brass band som dirigent tretten gongar og er den einaste som har vunne tittelen ti gongar. Han har også vunne Noregsmeisterskapen for brass band ti gonger, Royal Albert Hall National Championships of Great Britain tre gonger (2010, 2011 og 2017) og British Open Brass Band Championships fem gonger (1997, 1999, 2001, 2003 og 2022).
Professor David King oppnådde ein eineståande ‘storeslem’ i 2003 ved å vinne alle dei fire store internasjonale musikkfestivalane for brass band i same år - Noregsmeisterskapen (Stavanger Brass Band), Europameisterskapen (Yorkshire Building Society Band), British Open Championships (Yorkshire Building Society Band) og North American National Brass Band Championships (Stavanger Brass Band).
Som hovuddirigent og musikalsk leiar for det legendariske Yorkshire Building Society Band (YBS) (1993 - 2006) inkluderer David King si forskings- og innspelingsportefølje ei definerande samling i tre bind, ‘Essay for Brass’ (Polyphonic Label), som har mottatt eineståande internasjonal anerkjenning innan brassbandverda.
Professor David King er ein av dei leiande innan formidling av blåsemusikk og har bestilt, koreografert, dirigert og urframført prisvinnande tematiske konsertprosjekt i samarbeid med internasjonalt anerkjende komponistar. Desse inkluderer Cry of the Celts, Voice of the Vikings, Hymn of the Highlands, Celtic Fusions, Symphonic Dances og War of the Worlds.
I 2005 dirigerte og leia professor King YBS sin Australiaturné ‘Kings of Europe’ som vart avslutta med ein verdspremiere av to store bestillingsverk som vart framførte i operahuset i Sidney - Sunburnt Land (komponist professor Brenton Broadstock) og Terra Australis (komponist Dr. Martin Ellerby). Som mottakar av Iles-medaljen frå The Worshipful Company of Musicians (London), vart David King utnemnd til professor emeritus av University of Salford i 2010.
Det siste tiåret har professor King hatt ei aktiv rolle både som frilansdirigent internasjonalt og musikkpedagog. Frå 2008 - 2015 var han kunstnerisk leiar for National Australia Brass Festival (NABfest) og musikalsk leiar for Australia sitt første nasjonale ungdomskorps (2013-2016).
Professor David King er for tida internasjonal leiar for korpsstudier ved Royal Northern College of Music i Manchester, Storbritannia. Han er også leiar for National Australia Brass Academy og i 2018 vart han utnemnd til musikalsk leiar for det nystarta National Youth Brass Band of America.
I 2022 fullførte David King eit “hat trick” som vinnande dirigent i North American National Championships (Fountain City Brass – Kansas, USA) og i september 2022 mottok han Mortimer-prisen som den vinnande dirigenten ved British Open Brass Band Championships (Brighouse & Rastrick Band – Symphony Hall, Birmingham).
David King og Manger har ei lang og suksessrik historie saman. David kom til Manger fyrste gong i 1989, og dirigerte NM 1990. Dette var starten på eit langt og svært godt samarbeid som gav svært gode resultat, m.a 4 Norgesmesterskap på rad, 94-97, siger i Siddis Brass 1997, EM-deltaking i 1995, CD innspelingar og ei rekkje konsertar i inn og utland. David dirigerte MML under NM 2023, nøyaktig 25 års sidan sist David hadde Manger i NM.
Me er svært glade for å igjen ynskje David velkommen til Manger Musikklag og for at ein ny generasjon får oppleve denne fantastiske dirigenten.

Tormod Flaten
Fast dirigent / Resident Musical Director
Tormod Flaten (f. 1975) er ein internasjonal Besson-artist og soloeuphonist i Sjøforsvarets Musikkorps. Med tre soloinnspelingar, tallause opptredenar på store internasjonale festivalar og eit sterkt engasjement for å utvikle nytt repertoar, har Tormod etablert seg som ein av dei mest spanande euphoniumstemmene i dag.
Tormod har spelt live på radio og fjernsyn, og har hatt uttallige solistoppdrag i Europa, Asia og USA. Han studerte euphonium med Kim Lofthouse og Grethe Tonheim ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen. I 2014 vann Tormod Flaten prøvespelet til den ettertrakta stillinga som solo-euphonist i Sjøforsvarets musikkorps i Bergen. Han har undervist i euphonium ved Griegakademiet og har vore styremedlem i International Tuba Euphonium Association.
Tormod spelte i Eikanger-Bjørsvik Musikklag i 13 år, og har vore medstiftar og soloeuphoniumist i Bjørsvik Brass i 14 år. Som dirigent har Tormod jobba med fleire av dei fremste korpsa i Noreg, både brassband og janitsjarkorps. I 2011 leia han Sandvikens Ungdomskorps til siger i NM for janitsjarkorps.
Han er også ein erfaren dommar, og har dømt ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konkurransar for korps, solistar og ensemble.
Tormod driv også forlaget Fundamental Music, som gjev ut musikk for euphonium. Flaten er artist for Buffet Group og spelar på ein Besson Sovereign 180th Anniversary Limited Edition euphonium.
Tormod Flaten har vore fast dirigent for Manger Musikklag sidan hausten 2024. Han har ei sentral rolle i den musikalske utviklinga til korpset, i førebuinga til ulike konkurransar, og ikkje minst leiar han viktige konsertproduksjonar gjennom året.

Magnus Brandseth
Magnus Brandseth (f. 1981) har sin utdanning frå Greigakademiet i Bergen, og jobbar som freelance musikar. I 2013 var han ein av hovudpersonane i TV-serien “Korpsfiksert” på NRK, der me får følgje brassbandet Eikanger-Bjørsvik Musikklag gjennom ein heil sesong. Magnus kom til EBML i 1999, og har sidan den gong blitt ein sentral figur i korpsmiljøet i Noreg. Til dagleg er han dirigent i Bjørsvik Brass, Os Musikkforening, Krohnengen Brass Band og Smørås Skolemusikk, som han blei Europameister med i mai 2023.
I tillegg til å vere ein ettertrakta dirigent for dei beste korpsa i landet, har Magnus også ein aktiv karriere som solist og freelance tubaist, og er kjent for sin innovative spelestil og kreative tilnærming til tubaen. I 2013 mottok han kulturstipend frå Bergen Kommune som stønad til multikunstverket “TubAtlantic”. Verket blei urframført på BrassWind same år. Magnus har ei lang merittliste som utøvar og dirigent, med fleire europa- og noregsmeistertitlar.
Både som utøvar og dirigent er Magnus alltid på jakt etter bodskapen og essensen i musikken, og er kjent for å skape augneblink i konsertsalen.
Magnus har tidlegare vore innom MML på øvingar og mindre prosjekt, og Manger Musikklag er difor svært glade for at han no skal leie laget til konkurransen Siddis brass i Stavanger 2025.

Allan Withington
Allan Withington (f. 1956) vaks opp midt i det intense brassbandmiljøet i Nord-England der han vart undervist i kornett av faren sin, og etterkvart spelte solokornett i både Wingates band og Foden’s band.
Etter trompetutdanninga ved Royal Northern College of Manchester med Howard Snell som lærar jobba han med fleire av dei leiande orkestra i Storbritannia, mellom anna London Symphony Orchestra. No bur han i Noreg, er trompetist i Bergen Filharmoniske Orkester, og har i tiår spelt ei usedvanleg sentral rolle som dirigent i det norske brassbandmiljøet, mellom anna i Manger Musikklag, Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Krohnengen Brass Band, og Tertnes Brass, men spesielt som fast dirigent for Stavanger Brass Band sidan 2006. Han er også tilsett frå 2019, med første øving i februar 2020, sjefsdirigent for velkjende Carlton Main Frickley Colliery Band i Yorkshire, England.
Allan er ein svært attraktiv korpsdirigent som har hatt usedvanleg stor suksess i inn- og utland gjennom heile si karriere i brassmiløet. Han vart i både 2006 og 2012 stemt fram som “Conductor of the Year” hjå 4barsrest, i 2012 kanskje spesielt etter suksessen han opplevde med mellom anna Foden’s Band dette året. Han er spesielt kjend for sine kompromisslause og gjennomarbeida tolkingar av stykker i alle sjangrar, uansett samanheng, noko som hjalp MML til blant anna ein markant siger i WMC Kerkrade i 2013, og som dirigent på tre prisbelønte innspelingar med med korpset i perioden 2013-2017. Allan leia dessutan korpset som både komponist og dirigent under MML sine historiske framføringar av "No.5"; ei biografisk teaterførestelling om det franske ikonet Gabrielle "Coco" Chanel under Festspillene i Bergen i 2018.
Allan har sidan 2009 arrangert "Allan Withington's Conductor Summer School" i samarbeid med Soli Brass i Nederland, eit dirigentkurs som tiltrekk seg studentar frå heile verda kvart år.
Allan Withington var Manger Musikklag sin faste dirigent på slutten av 1990-talet. Han har vitja korpset hyppig ved fleire høve sidan den gong, både ved plateinnspelingar, konsertar og til konkurransar. Allan valde å kome tilbake til MML som kunstnarleg leiar i sesongen 23/24 og 24/25. I desse åra kan ein nemne høgdepunkt som Europaturne og siger i NM 2025. Allan blei også æresmedlem i MML våren 2025.

Foto: Anne Kolstad Morken
Andreas Hanson
Andreas Hanson (f. 1969) er ein anerkjent dirigent frå Malmö i Sverige. Han er ein sann talsmann for betydninga av kunst i samfunnet, og slår an både hjå musikkelskarar og nytt publikum med sitt handverk. Hanson er programdirektør for Malmö Symfoniorkester, og er ein hyppig brukt gjestedirigent i dei store svenske orkestera samt i både orkester og korps i Europa. Som plateartist har han spelt inn nesten 20 plater for plateselskapa BIS, Serpent og Chandos.
Med ein sterk lidenskap for samtidsmusikk har Hanson urframført over hundre samtidsverk. Repertoaret hans strekker seg frå Haydn og Mozart til dagens komponistar, inkludert symfoniar av Beethoven, Brahms, Nielsen, Schubert, Schumann og Sibelius. Etter fleire tiår som sjefsdirigent for svenske nasjonale blåseensembler har Andreas òg bygd opp ein omfattande repertoarkunnskap om norske musikkskattar og symfonisk blåsemusikk.
Hanson er med på å utvikle neste generasjon artistar og dirigentar og musikkskaping for framtida. Han har vore førsteamanuensis i direksjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, og arbeider for tida med eit nasjonalt program for dirigentar. Hanson studerte sjølv direksjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, samt i London under Sir Andrew Davis og i Milano under Carol Maria Giulini.
I Noreg er Andreas mest kjend som kunstnarisk leiar for Forsvarets Stabsmusikkorps, som dirigent for Eikanger-Bjørsvik Musikklag, kunstnarisk leiar i Bjørsvik Brass og no også dirigent for Manger Musikklag.

Even Skatrud
Even Skatrud (f. 1977) er utdanna jazztrombonist og musikkpedagog, og har arbeidd med ei rekkje sjangrar som trombonist, arrangør og dirigent både i inn- og utland sidan 2000 og fram til i dag.
Even starta tidleg som bandleiar og kapellmeister, og har studert musikkpedagogikk ved Norges musikkhøgskole. Han har dirigert alle militærkorpsa og debuterte med det alt som 26-åring på turné med divisjonsmusikken i Harstad. I 2024 tok han vidare dirigentstudium ved NMH, og fekk òg høve til å arbeide med mellom andre NDR-storband i Hamburg og KORK her heime som dirigent.
I 2014 vart Even spurd om å dirigere Manger Musikklag på «Festkonsert» – noko han audmjukt takka ja til. Manger har sidan blitt hans favorittbrassband i heile verda.
Even er oppvaksen i korpsrørsla i Lørenskog og har, i tillegg til å spele i korps, vore med i rockeband, jazzkvartett og storband. Han studerte ved NMH i perioden 1998–2002 (2003), der han måtte ta eit ekstra år fordi han ikkje rakk heim frå utanlandsturné til eksamenskonserten sin. Sidan 1993 har Even spelt trombone på TV-show, jazzturnear, teater, plateinnspelingar, arrangement og som solist med korps og orkester. Med jazzbandet Gumbo har han spelt over 1500 skulekonsertar, eit lite tal av dei i India, Angola og Kina.
Even bur framleis i Lørenskog og arbeider som jazztrombonelærar ved NMH, komposisjons- og arrangeringslærar ved UiO, og musikklærar ved Rud vidaregåande skule. Dei siste åra har han vore ein fast del av Åge & Sambandet, og turnert land og strand med bandet. Han er òg fast medlem i Oslo Jazz Ensemble, der han ofte har vore nytta som bandleiar og dirigent i tillegg til rolla som solotrombonist og sousafonspelar. Ved sidan av dette vert det òg mykje noteskriving, både som arrangør og komponist. Even har tre barn og sambuar, og har dei siste tre åra blitt ein ivrig seglar.
Musikken til Even er spelt av korps, orkester, TV-band, aspirantkorps, kor og storband både i inn- og utland. Han manglar berre to kontinent å spele på – Latin-Amerika og Australia – elles har han basunert på alle dei andre.
Fun facts:
-
Vann NM i Råblås på «Spill Levende»-festivalen på Lillehammer i 1994.
-
Har vore med i Guinness rekordbok med rekorden i undervassmonopol for ein del år sidan.
-
Hadde Noregs siste instrumentalhit på Norsktoppen, «Good Weather», med Eveneven Big Band (10 tromboner og trommesett). Endå koselegare er det at hiten var kjenningsmelodien til Blindeavisa i Sør-Trøndelag ei stund.
-
Har spelt med Clarence Clemons (Bruce Springsteen), Phil Woods, Robbie Williams, Al Jarreau og Mr. Methane (ikkje samtidig).
-
Er lettskremd – sjå Instagram: @tromboneprank.
-
Er litt over gjennomsnittet aktiv på sosiale medium:
-
Insta: @eveneven77
-
TikTok: @eventrombone
-
Even har vore dirigent for Manger Musikklag ved heile sju utgåver av Festaftan – ein konsert som har blitt eit viktig innslag på sesongplanen til MML. Her har han både dirigert laget, arrangert og komponert musikk, vore konferansier og spelt trombone. Even har kunnskap og stilforståing for musikken laget spelar på Festaftan, noko som har gjort alle desse konsertane til ein stor fest og ei stor oppleving – både for musikantane og for publikum. Dessutan har Even ein smittande humor og unik evne til å kommunisere med publikum, noko som alltid bidreg til å skape feststemning i salen

Foto: Anne Kolstad Morken
Peter Sebastian Szilvay
Peter Szilvay (f. 1971) er utdanna bratsjist og dirigent ved Norges Musikkhøgskole (NMH) i Oslo, og er ein sentral skikkelse i norsk musikkliv. I 1996 dirigerte han Kringkastingsorkestret som avslutning på diplomstudiet sitt ved NMH, før han var dirigentstipendiat hjå Stavanger Symfoniorkester i perioden 1998-2000. Peter vann den norske dirigentkonkurransen "Årets dirigent" i 1999 og det same året inviterte Mariss Jansons han inn som sin assistent i Oslo Filharmonien, der han var i tre år.
I løpet av karriera har Peter dirigert St. Petersburg-filharmonien, Göteborgs Symfoniker, Radioorkestret i Paris, samtlige av dei større norske orkestra og militærkorpsa, med fleire. Han er ein entusiastisk ambassadør for ny musikk og har markert seg innanfor denne sjangeren saman med fleire av dei leiande ensembla som har dette som felt, og har til no leia over 160 urframføringar. I 2010 fekk han heiderstittelen “Årets utøver” av Norsk Komponistforening for fremjinga hans av norske, nolevande komponistar og den særlege innsatsen for norsk samtidsmusikk.
Den store fleksibiliteten hans har også gitt rom for arbeid med fleire typar musikkteater og ei rekkje forskjellige opera- og ballettprosjekt, mellom anna for operaen i Würzburg i Tyskland og Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika.
Han har også gjort fleire innspelingar, og har vunne Spellemannsprisen to gongar. Først med Oslo Filharmonien i 2009 for plata “Low Jive”, og seinast i 2019 med Ørjan Matre si plate "Konsert for orkester", med Oslo Filharmonien og fiolinsolist Peter Herresthal.
Peter Szilvay har hatt eit tett og godt samarbeid med Manger Musikklag sidan 2009, og løfta korpset til historiske høgder i 2011 då Manger Musikklag vart Europameistrar for første gong.

Foto: Lars Igesund