
MOT-ambassadørar
Manger Musikklag (MML) er som einaste korps i Noreg nasjonale MOT-ambassadørar, noko me er veldig stolte av. MOT-ambassadørar er profilerte førebilete innanfor idrett og kultur, som bidrar til å styrke ungdom sin livskvalitet med sitt engasjement og gjennom å bere MOT-logoen. Les om MOT-ambassadørar på MOT sin nettstad.
MML ser på oppdraget me har som MOT-ambassadørar som særs viktig fordi me ynskjer å vere ansvarlege kulturbyggjarar, medvitne rollemodellar og bidra til eit inkluderande miljø. For oss er det også viktig å ha fokus på moglegheiter og på at me skal plante positive forventingar. Det er heilt avgjerande i korpsmiljøet at unge korpsmusikantar har gode og positive førebilete som dei kan sjå opp til og som frontar korps som ein kul og inkluderande hobby.
Me trur at MOT sin filosofi kan verte eit svært godt verkemiddel for å utvikle og byggje korpsrørsla. MOT sine 4 prinsipp er å arbeide førebyggande, utvikle ansvarlege kulturbyggjarar, styrke og ha fokus på det positive, sjå heile mennesket. Alle desse prinsippa i MOT, er fokuspunkt som speler ei viktig rolle for å få eit korps til å fungere. Desse elementa vil ikkje berre vere viktige i samband med konsertar, men òg når det kjem til det sosiale, som er minst like viktig for at alle skal ha det bra og ynskje å halde fram i korpset. For at eit korps skal vere ein trygg plass på gå til, der alle kjenner på meistring og glede, må me ha fokus på ansvarlege kulturbyggjarar, der me stiller opp for kvarandre, inkluderer alle og der me ser heile mennesket.
I praksis handlar det om at ein systematisk arbeider med inkludering, det å skape forståing og dialog, lagbygging og robustheit.

KorpsMOT
KorpsMOT er ein dag som inneheldt både speling, motaktivitetar, leik og sosialt fellesskap. MML har no 4 sertifiserte MOT-coacher som vil stå ansvarleg for MOT-aktivitetane, medan MML sine musikantar og dirigentar legg opp dei musikalske aktivitetane.
MML ynskjer å ta aktivt del i rekrutteringsarbeidet til korpsa og håper at KorpsMOT kan være eitt av fleire tiltak som er med på å auka trivsel for kvar einskild musikant, auka motivasjon, inspirere til videre aktivitet, er med på å knytte sosiale kontaktar på tvers av geografiske skiljelinjer som igjen er med på å hindre fråfall frå korpsmiljøet.
Vil du ha KorpsMOT på besøk til ditt korps? Ta kontakt med oss.

