top of page

Eit av dei eldste og mest suksessrike brassbanda i Noreg

Skipa 22. april 1922​

Org. nr.: 984580045

Målsetting:

”Manger Musikklag skal halde fram med å være eit banebrytande ensemble i front av utviklinga innan vårt område og vi skal være synlege på den lokale, regionale og internasjonale arena. Våre konsertar skal være ettertrakta pga. sine produksjonsmessige, programmessige og musikalske kvalitet.”

 

Manger Musikklag frå Manger i Alver kommune vart stifta i 1922. MML har i meir enn 40 år vore eit av dei leiande brassbanda både nasjonalt og internasjonalt. Korpset har høg aktivitet med eit stort omfang av konsertar og eit svært vidt repertoar. MML har eit stort engasjement for ny musikk noko som i 2004 leia fram til  BrassWind festivalen. Denne festivalen er no ein anerkjent festival for samtidsmusikk. Dei siste åra har dei også arrangert Barnas BrassWind der barn og unge får både skape og framføre ny musikk.

MML driv også komponistkonkurransen #lydenavunge der unge komponistar får mogelegheit til å skrive for brassband.  MML er som einaste korps nasjonale MOT-ambassadørar. MOT er ein ideell organisasjon som jobbar for å skape robust og inkluderande ungdom. MML sine medlemmer ser på dette oppdraget som svært viktig og ynskjer å være ansvarlege kulturbyggjarar, bevisste rollemodellar og bidra til eit inkluderande korpsmiljø. MML ser sitt samfunnsansvar og arbeider målretta for å få fram at korps er viktig. Korps er god folkehelse, både for det enkelte individ men og som førebyggande aktivitet i samfunnet. MML har difor oppretta ei rekkje tiltak for barn og unge og har eit godt samarbeid med lokale skulekorps.

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page