MML feirer 100 år i 2022!
Korpset vart skipa laurdag 22. april 1922
Manger Musikklag fyller i år 100 år, og korpset ønskjer å markere 100 år med aktivitet med ein jubileumssesong, med ulike prosjekt gjennom heile sesongen. Nyvinningane er i tråd med MML sine allereie velkjende satsingar og verdiar.
Her er litt om dei ulike prosjekta:
Komponistkonkurransen #lydenavunge
MML inviterer barn, ungdom og og unge vaksne opp til 24 år til å komponere eigen musikk. MML ønskjer å bidra til skaparglede og kreativitet på tvers av alle musikalske skiljelinjer. Gjennom dette prosjektet får barn og unge ein unik moglegheit til å komponere individuelle verk som vert framført på stor scene i Bergen av eit av Norges fremste korps. Undervegs vil deltakarane få verdifull tilbakemelding og rettleiing frå komponistar. Prosjektet startar hausten 2021 og vert avslutta med konsertar i september 2022, der vinnarverket vert framført både i Grieghallen på sjølve 100 årskonserten, og under BrassWind-festivalen 2022.
Måla for prosjektet er:
-
stimulere ungdom til å skrive for brassband.
-
bidra til kreativitet og skaparglede på tvers av musikalske skiljelinjer
-
få fleire unge komponistar fram i lyset.
-
få fleire nye stemmer til korpsrørsla.
-
flytte fokus frå å prestere som utøvar til å skape musikk for andre
-
motivere ungdom til å halde fram i korpsmiljøet
Oppdatering, januar 2022:
Interessa for dette prosjektet har vore langt over forventa. Vi har fått 29 påmeldte deltakarar til 27 nye verk. No vil ein prosess der dommarane vel ut dei 5 finalistane komme i gang, som går vidare til ein finale torsdag 26.mai.
Vi er svært glade for å ha fått med oss desse anerkjente og erfarne dommarar og fagpersonane på dette prosjektet:
Jostein Stalheim- ein av Norges fremste samtidskomponistar, akkordeonist og professor ved Høgskulen på Vestlandet.
Craig Farr- Craig er profesjonell perkusjonist, trommeslager og komponist.
Camilla Søderstrøm Tveit- basstrombonist, dirigent og rektor i musikkskulen i Alver. Ho har studert ved Royal Northern College of Music, pedagogikk ved Griegakademiet og har mastergrad i utøvande musikk frå Griegakademiet, og er tidlegare stjerne i Manger Musikklag.
Torstein Aagaard-Nilsen, komponist, dirigent, lærar, foredragshaldar og produsent skal ha ei eiga rolle i prosjektet. Han skal være ein slags mentor eller rådgjevar som deltakarane kan ta kontakt med for meir faglege spørsmål.
Torstein Aagaard-Nilsen seier dette om #lydenavunge:
"Manger Musikklag sin komposisjonskonkurranse #lydenavunge, er med å markere korpsets 100 års jubileum. Kreative unge som også har interesse av å skrive musikk for brass band, får her en unik mulighet. Jeg er både glad og fascinert over satsingen. Et korps som feirer seg selv kan fort bli veldig opptatt av akkurat dét. Men i dette prosjektet fortsetter Manger Musikklag sitt unike bidrag til sin musikalske omverden. De vil feire de som skal bli våre nye komponister - de skal fornye repertoaret vårt.
Det som en gang var et bygdekorps i ordets rette betydning, gjennomgikk en omveltning som ikke bare endret bygdekorpset til et fullblods brass band. Da var de omtrent halvveis til hundre. De var også med å skape den moderne norske brass band historien. Deres møte med totalt ukjent brass band musikk, ble en indre drivkraft i korpset. Jeg har selv, som blivende komponist, fått nyte godt av kreftene i miljøet, og helt opp til i dag kunnet eksperimentere med musikalsk form og korpsklanger fordi MML har gitt meg muligheten
Gleden er derfor ekstra stort, sett med mine øyne, når MML tar til orde for en komposisjonskonkurranse #lydenavunge!"
Manger Musikklag er også svært glade for at Norsk Noteservice vil utgje vinnarverket og lage ein eigen forlagsavtale med vinnaren. Dette trur vi kan være med å skape ekstra motivasjon for dei unge komponistane.
«Komponistkonkurranser av den typen Manger Musikklag arrangerer i forbindelse med sitt 100-årsjubileum er et veldig positivt tiltak med tanke på å få skrevet ny, norsk musikk!
Originalskrevet litteratur for både brass- og janitsjarbesetning er noe av det viktigste Norsk Noteservice jobber med, og en slik konkurranse vil føre til flere nye, spennende verker for Brass Band.
At konkurransen retter fokus på unge, norske komponister er en ekstra motivasjon for å tilby utgivelse av vinnerverket.»
- Thomas Wettergreen, Norsk Noteservice.
Barnas BrassWind
MML vil i 2022 lansere eit nytt element til BrassWind-festivalen som skal vere ein arena særleg retta mot barn og unge, med eit utstrekt samarbeid med skulekorps for å skape ny musikk for nye generasjonar. Vi ønskjer å engasjere dei unge og vise veg til eit mangfaldig musikksyn og å sette musikalsk materiale saman på nye måtar, prega av liva vi lever no.
Mål:
-
Legge til rette for at skulekorps får jobbe med og framføre ny musikk
-
Skape engasjement og interesse for ny musikk
-
Bidra til eit mangfaldig musikksyn og utvida forståelse for nye uttrykksformer
-
Sette saman musikalsk materiale på nye måtar, prega av liva vi lever no
Barnas BrassWind får ein heil dag av festivalen i 2022, som i denne gongen vert arrangert av Manger Musikklag i Åsane kulturhus 30.september til 2. oktober. Fleire skulekorps vil bli inviterte til å delta på ulike prosjekt, mellom anna ein komposisjonsverkstad der ein også får framført komposisjonane på konserten. Craig Farr er kunstnarleg leiar for Barnas BrassWind
MOT 2021 - 2022
MOT er ein norsk ideell organisasjon, stifta i 1997, som arbeider gjennom eigne program i ungdomskulen og vidaregåande skuler for å skape gode haldningar, forebygge mobbing, utanforskap og psykiske vanskar, og slik vere med og skape eit varmare og tryggare oppvekstmiljø for dei unge.
MML samarbeider med MOT, og i kraft av rolla som nasjonale MOT-ambassadørar skal MML arbeide med tiltak for å auke inkludering og forebygge einsemd og utanforskap blant born og unge. Eit ambassadørlag skal forsterke MOT sitt bodskap, og desse MOTivatørane samarbeider kvar veke med skulekorps og skular i regionen som instruktørar, dirigentar og inspiratorar. Koronapandemien har vore utfordrande for oss alle, men born og unge har vore særs råka og mange har opplevd isolasjon og einsemd desse åra. Samarbeidet med MOT vil difor styrkast og gjennom ulike aktivitetar i jubileumssesongen vil MML setje eit ekstra fokus på MOT-arbeid og korleis kvar einskild kan drive MOT sitt arbeid i praksis; korleis nå inn til ungdom og styrke eigarskap til MOT sine kjerneverdiar: MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å si nei.
Korps er ein aktivitet som inkluderer alle, prega av eit miljø med verdiar som me treng meir av: lagkjensle, tilpasning, samspel og musikkglede, me speler kvarandre gode, tar ansvar, kunne gje lyd når det blir krevd, har og får nye venskap på tvers av alle tradisjonelle skiller som til dømes alder, og lærer at toleranse og mangfold er våre styrker.
Tiltak som vil bli gjennomført:
"MOT-draumen"
Invitere barn og unge på alle MOT skulane i Norge, 278 i alt, til å få oppfylt sin MOT draum saman med oss.
Auke rekrutteringa til korps
Alle skulekorpsmusikantar har frå før gratis inngang på alle konsertar og arrangementer i Manger Musikklag sin regi. Gjennom året vil det verte eit tett samarbeid med skulekorpsa gjennom seminarer eller konsertar, og/eller at solistar/ensembler frå skulekorpsa vert inviterte til å spele saman med MML på konsert. I tillegg arrangerer MML sit-in øvingar, der skulekorpsmusikantane sit mellom musikarane i MML i øvingssamanheng for å auke læring og inspirasjon.
MML er det eigne «MOT-coachar» som har vore på kurs i MOT sin regi, og er sertifiserte til å drive MOT sitt arbeid i praksis, offisielt. Gjennom året vil MML besøke MOT-skulane i regionen for å arbeide med MOT sine verdiar.
MOT sine verdiar er på agendaen gjennom heile sesongen i alt Manger Musikklag føretek seg; korleis ein er med kvarandre i musikklaget, og korleis dei skal opptrer saman i ulike samanhengar for å vere gode førebilete.
Du kan lese meir om samarbeidet mellom MOT om Manger Musikklag her.
Jubileumskonsert i Grieghallen
Jubileumsesongen vert avslutta, feira og oppsummert med ein stor konsert med det rike kulturlivet i Nordhordland i Grieghallen laurdag 17. september 2022. Her deltek lokale kulturkrefter, skulekorps, solistar, vinnarar av "MOT-draum" og komponistkonkurransen #lydenavunge.
Følg med på nettsidene våre for meir informasjon om dette arrangementet, og billettar.