top of page

Gunnstein Kolstad (1916-2007)

 

Gunnstein Kolstad vart utnemnd til æresmedlem for sin svært langvarige og verdifulle innsats som dirigent for Manger Musikklag, først i perioden 1936-1945, og deretter frå 1951-1956 (frå 1953-1956 saman med Petter Morken). Gunnstein var ein periode også formann i Ytre Nordhordland krins av Hordaland Musikklag.

Han var aktiv i organisasjonsarbeid heile livet og var mellom anna formann i Hordaland Bondelag, redaktør for fleire lokalhistoriske bøker og jubileumstidskrift, og tok del i kommunepolitikken i fleire år mellom anna som ordførar for Senterpartiet.

Han skreiv dessutan fleire dikt, og eit av dei mest kjende er "Septembersol" som i si tid vart tonesett av Kåre Håland. Dette vart framført av Manger Musikklag i Tom Brevik sitt arrangement på 90-årsfeiringa til MML på Manger i 2012.

Gunnstein var heile livet ein viktig kulturberar i Mangerbygda, og sentralt i hans verksemd stod alltid hans omtanke for og støtte til Manger Musikklag.

Gunnstein Kolstad vart tildelt Radøy kommune sin kulturpris i 1990, og ikkje minst H. M. Kongens Fortjenstmedalje i 1993.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

MML 1943 Solendfjellet Gunnstein.jpg
Scale.jpg

Petter Morken (1922–1983)

Petter Morken vart, etter sin død, utnemnd til æresmedlem i Manger Musikklag i 2002 etter sin verdifulle og langvarige innsats som musikant og dirigent for korpset. Då han la frå seg taktstokken i 1975 hadde han dirigert Manger Musikklag samanhengande frå 1953 til 1975 (frå 1953-1956 saman med Gunnstein Kolstad).

Før dirigentkarrieren var Petter spelande medlem i musikklaget. Han starta på skarptromme som 13-åring i 1935, og skifta til trompet i 1938.

I tillegg til musikant var Petter også kjent som både poet, songskrivar og kåsør. Han gjekk eit år på Nordhordland Fylkeskule (no Manger Folkehøgskule) og skulen gav ei god grunnutdanning etter gjennomført grunnskule for ungdommane, med både ei teoretisk og praktisk linje som tilbod. Året på Fylkesskulen i 1938-1939 opna poetiske kjelder hjå 16-åringen. Elevane hadde sitt eige handskrivne skuleblad, "Samhald", og nokre av hans dikt vart publiserte der. Seinare vart fleire av Petter sine dikt og prologar også publiserte som enkeltinnslag i ulike bøker og hefter, mellom anna i Radøy Mållag si bok "Radøylyrikk".

Trass fleire livstrugande tuberkuloseinfeksjonar i perioden 1943-1950, der han i lange periodar var innlagt både på Luster sanatorium og Lungegården sykehus i Bergen, kom Petter mot alle odds tilbake til Manger, friskmeld, i juli 1950. I gode periodar i desse sjukdomsåra held han både 17. mai-talen på Manger i 1945, og skreiv diktet "Ver helsa, Radøy" i høve Nordhordlandstemna på Manger i 1948. Dette diktet laga han også melodi til, og denne vart seinare kjend som
"Radøysongen". Tom Brevik arrangerte denne til Manger Musikklag som også har dokumentert den på plata "Tribute" (2003).

 

Petter var i perioden 1956-1959 formann i Ytre Nordhordland krins av Hordaland Musikklag, og stod også på Venstre si Stortingsliste både i 1957 og 1965. Han dokumenterte dessutan Manger Musikklag si historie som redaktør for musikklaget sitt 50-års jubileumskrift i 1972, og i 1975 overlét han dirigentpinnen til Tom Brevik. Petter Morken sin aktive perioden i Manger Musikklag strekte seg såleis over heile 40 år.


Petter døydde i januar 1983, 60 år gamal. Han er tildelt Fortenestemedaljen til Norges Musikkorps Forbund.

Medan han var innlagd på Lungegården sykehus i 1947 skreiv han I prologen til Manger Musikklag sitt 25-årsjubileumshefte:

"Me ønskjer laget til lukka no

Og spår at kursen vert fram og opp

at trass i motgang det veks og gror,

at laget eingong vil nå på topp."

Sven Hermansen (1941-2018)

Sven Hermansen vart utnemnd til æresmedlem i Manger Musikklag 20. september 1990.

 

Sven hadde ei 30 år lang karriere som musikar i MML, og han var dirigent for korpset i 2 år – det eine av desse under Tom Brevik si musikalske leiing i korpset.

Sven var svært aktiv i prosessen som førde til tilsetjinga av Tom Brevik, likeeins aktiv i den vidare utviklinga i musikklaget under Tom Brevik og i åra som følgde. Dette var perioden som førte Manger Musikklag frå å vera eit vanleg bygdekorps til å bli eit toppkorps i nasjonal samanheng, og seinare i internasjonal samanheng.

Æresmedlemskapet vart tildelt på grunn av dette, men også på grunn av hans totale lojalitet til, engasjement for og kjærleik til Manger Musikklag.

Sven fekk Radøy kommune sin kulturpris i 1994.

Harald Matland

Harald Matland (f. 1953) begynte i Manger Musikklag hausten 1968 og var spelande medlem heilt fram til sumaren 1995. Etter ein kort periode som tubaist byta han instrument til trombone, og han spelte både solo- og 2. trombone resten av tida.

Harald Matland vart tildelt æresmedlemskap i Manger Musikklag i 1997 for si lange spelekarriere, der han vart ein brubyggjar frå det gamle til det moderne Manger Musikklag.

 

Han var også sjølve inkarnasjonen på sunn økonomisk drift gjennom sine 12 år som kasserar i laget, 1977-1989.

Bjørg Johanna Hermansen

 

Bjørg Johanna Hermansen (f. 1941) vart utnemnd til æresmedlem i Manger Musikklag 31. mars 2001.

Bjørg vart tildelt æresmedlemskapet for sitt langvarige engasjement i støttelaget til Manger Musikklag – ho er eigentleg støttelaget til Manger Musikklag.

Ho organiserer alle aktivitetar til støttelaget, der formålet er enkelt - syta for inntekter til MML. Dette inkluderer også mat og blomster i forbindelse med konsertar.

Bjørg var også svært aktiv i utdeling av telefonkatalogar i Radøy kommune, noko som var ein stor og viktig dugnad for Manger Musikklag tidlegare.

Michael Antrobus (1943-2016)

 

Michael Antrobus hadde musikkutdanning frå Matthay School of Music i Liverpool, Royal Manchester College of Music, og var utdanna trompetist. Seinare tok han lærarutdanning ved Royal College of Music i London, og utdanning i orkesterdireksjon i London under Maurice Handford.

 

Michael var fast dirigent i legendariske Black Dyke Mills Band i 1978 – 1980, og vart tilsett som dirigent for Manger Musikklag og som lærar på Manger Folkehøgskule då han flytta med familien til Manger i 1981. Han var korpset sin sjefsdirigent i to omgongar; først i perioden 1981 – 1986, og i sesongen 1994 – 1995. I tillegg til hans tette band til Manger Musikklag var Michael også i fleire periodar tilknytt både Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Stavanger Brass Band og Tertnes Brass, men var også aktiv i ein heil del andre korps i resten av landet på alle nivå i åra etter. Både skulekorps, regionkorps, amatørkorps og militærkorps fekk glede av kunnskapen og humoren hans, for ikkje å snakke om deltakarane på eit ukjent antal kurs og samlingar i løpet av ein 35-årsperiode der han var med som lærar eller dirigent.

Michael held også kontakten med heimlandet etter han flytta til Norge. Han var fast dirigent for det ikoniske brass-ensemblet James Shepherd Versatile Brass i ein periode på 1980-talet, og dirigerte mellom anna Cory Band, CWS Glascow og Yorkshire Imperial Metals til fleire konkurransar på 1980- og 1990-talet. Siste gongen MML fekk gleda av å ha Michael på podiet var i Logen Teater i Bergen på BrassWind-festivalen i 2011, men Michael var aktiv som dirigent for ulike korps i inn- og utland heilt fram til hausten 2016.

Michael vart tildelt sitt æresmedlemskap i Manger Musikklag i 2002 etter det store arbeidet han la ned i musikklaget i periodane han var hovuddirigent, og den ekstremt positive påverknaden arbeidet hans hadde for musikklaget si utvikling. Michael var med på å "profesjonalisere" Manger Musikklag. Korpset hadde eit svært høgt aktivitetsnivå under leiinga hans, og han la spesielt stor vekt på å utvikle eit stort og mangefasettert konsertrepertoar. Fleire av arrangementa hans frå både det klassiske repertoaret og pop-katalogen står framleis som bautaer i dag.

Michael sitt personlege høgdepunkt som dirigent for Manger Musikklag var den sensasjonelle 2. plassen i Europameisterskapet for brassband i Royal Albert Hall i London i 1981.

Michael vart tildelt heidersteiknet "Musikanten" av Norges Musikkorps Forbund i 2016.

 

 

Tom Brevik

Tom Brevik (f. 1948) vart fødd i Fredrikstad og vaks opp i Sarpsborg, der han som fem-seksåring starta si musikalske karriere som musikant i det lokale Frelsesarmékorpset. Han har musikkutdanninga si fra Bergen Lærarhøgskule og Bergen Musikkonservatorium, med trombone, obo og blokkfløyte som hovudinstrument. Tom underviste ved musikkonservatoriet i Bergen 1976-1987, og kom tilbake der som timelærar i ein periode frå 2008, då med hørelære, arrangering og orkestrering som undervisningsfag, og som emneansvarleg for korpsleiarutdanninga.

Tom Brevik har vore ein av de mest toneangivande personane i norsk korpsrørsle sidan 1970-talet både som musikar, komponist, arrangør, dirigent, og organisator, men heilt spesielt som pådrivar for det generelle nivået i både EBML og MML då han først tok over som dirigent for EBML i 1973, og parallellt for MML frå 1974. Han vart kulturskulerektor i Radøy kommune, men det var då han fekk tilbod om å bli rektor på Manger Folkehøgskule (MFhs), og tok til å byggje opp det som skulle bli brassband-linja der, at det som har blitt sjølve brass-miljøet i Nordhordland slik me kjenner det i dag byrja å ta form. Nettopp denne musikklinja har hatt ekstremt positive ringverknader for korpsrørsla i regionen vår spesielt, men også på landsbasis generelt; sidan brassbandlinja såg dagens lys i 1980 har fleire enn 1000 ulike elevar fordjupa seg i brassband på Manger!

Undervegs i dei tidlege åra i Manger Musikklag tok Tom radikale grep både i instrumentopplæringa i korpset, i korpset sitt repertoar, og dessutan sesongplan. Han var med på å styrke bandet mellom MML og publikummet i Mangerbygda, fekk MML og Manger skulemusikklag til å samarbeide endå tettare enn før, skipa satsingsprogrammet Nordhordland Brasseminar i samarbeid med MML og EBML, og fekk ressurspersonar som blant anna Michael Antrobus til bygda gjennom Mfhs. Han stod ikkje minst i bresjen for interesseforumet Brass Band Klubben (BBK) saman med trompetisten Roderick Franks i Bergen Filharmoniske Orkester, som samkjørte nivåhevinga og den generelle satsinga på brassbandformatet saman med fleire sentrale korps og eldsjeler i både Nordhordland og Bergensområdet. BBK skipa mellom anna frå 1979 til dei første Noregsmeisterskapa for brassband i Bergen, på trass av store innvendingar frå Norges Musikkorps Forbund dei første åra, og dét frå dag éin i den heilt nye Grieghallen som stod ferdig der i 1978.

Tom dirigerte også Manger Musikklag som det første norske brassbandet nokonsinne som deltok i Europameisterskapet for Brassband, i Royal Albert Hall i London 8. oktober 1978, med sitt eige verk "Norwegian Fantasy" som sjølvvaltstykke. Han dirigerte også MML til korpset sin første NM-siger i 1980. Etter tida som rektor ved MFhs var Tom i ein periode styremedlem ved Toneheim Folkehøskule, musikksjef i Norges Musikkorps Forbund i fem år, seinare forbundet sin President i fire år, musikksjef i NRK Fjernsynet, prosjektleiar i TV2 i 21 år, og tilsett ved Griegakademiet - Institutt for Musikk ved Universitetet i Bergen - mellom anna. Internasjonalt har Tom dirigert i både England, Sverige, Nederland og Sveits, og var i fleire år medlem i musikkutvalet i European Brass Band Association (EBBA).

Tom har lagt ned ein monaleg innsats i musikkmiljøet lokalt og nasjonalt, både i arbeidslivet og ellers i det friviljuge. Han var ein av hovudingrediensane, og sannsynlegvis sjølve katalysatoren for Manger Musikklag sitt formidable formløft på 1970- og 1980-talet, og når ein snakkar om historia til dette korpset er det like naturleg som det er på sin plass å dele denne inn i tida før og etter Tom Brevik kom inn i MML. Han har hatt tett kontakt med korpset i åra etter, til dømes som produsent for MML sin 90 års-jubileumskonsert i 2012, og dessutan som komponist for hovuddelen av programmet som MML urframførte i Manger kyrkje under BrassWind-festivalen i 2013. Tom er framleis aktiv blant anna som dirigent, komponist og arrangør i det lokale musikklivet, og som musikant i Manger Old Star Brass.

Tom Brevik vart i 2013 tildelt H. M. Kongens Fortjenstmedalje for arbeidet han han har lagt ned i den Norske korpsrørsla.

Manger folkehøgskule vart også tildelt Radøy kommune sin Kulturpris i 2007.

39146048_2410619718953882_73469928277268
Scale.jpg

Helga Vetås

 

Helga Vetås (f. 1963) har i over 30 år vore tilknytt Manger Musikklag og har vore ein bærebjelke i musikklaget. I tillegg til hennar fleire tiår lange rolle i MML som musikant har ho også vore svært aktiv i kulturlivet ellers i Radøy kommune, spesielt med ungdom i messingmiljøet. Dette arbeidet både er og har vore svært viktig for MML, og har gjeve avkasting i form av motiverte, engasjerte og dyktige ungdomar i lokalmiljøet.

Gjennom arbeidet som messingpedagog på Manger Folkehøgskule og i kulturskulen har ho også vore ein inspirator for tallause musikantar opp gjennom åra.

Helga har spelt både tuba, baritone og euphonium i MML, og har også gjort ein fenomenal jobb for musikklaget som arkivar. Notearkivet til Manger Musikklag er MML si sjel og største skatt, og Helga forvalta dette på ein framifrå måte i fleire år, i tillegg til dei andre verva ho også har hatt i MML.

Torstein Aagaard-Nilsen

Torstein Aagaard-Nilsen (f. 1964) kom til Manger frå Kabelvåg i Lofoten for å gå på Manger Folkehøgskule tidleg på 1980-talet, og har vore svært sentral i det lokale kulturlivet heilt sidan den gong. Torstein var musikant i Manger Musikklag i fleire år som kornettist, og byrja etter kort tid å komponere musikk.

MML har tinga og brukt musikken hans sidan starten, dokumentert denne på ei rekkje plateinnspelingar opp gjennom åra, og har vore stolte ambassadørar av musikken hans i både inn- og utland i mange ulike samanhengar. MML tinga sjølvvaltnummeret "Old Licks Bluesed Up" av han til NM i 2011, som korpset vann EM for brassband med nokre månader seinare. I tillegg til komponeringa er Torstein ein aktiv dirigent i brassbandmiljøet i Nordhordland, og er også lærar ved Manger Folkehøgskule.

Torstein har vore primus motor og kunstnarleg leiar for BrassWind-festivalen sidan oppstarten i 2004. Gjennom både sitt utrøyttelege arbeid for å løfte fram ny musikk for brassband, sin eigen produksjon av denne, og det tette samarbeidet med MML alle desse åra har han vore ein viktig ingrediens i den musikalske identiteten til Manger Musikklag heilt sidan tidleg på 1990-talet.

Æresmedlemskapet i Manger Musikklag vart tildelt under BrassWind-festivalen 2014.

Torstein fekk Radøy kommune sin kulturpris i 2016.

www.torsteinaagaardnilsen.no

Johan S. Morken

 

Johan S. Morken (f. 1931 - 1981) vart, etter sin død, utnemnd til æresmedlem i 2022 etter sin verdifulle og langvarige innsats som formann, eldsjel og drivkraft i Manger Musikklag. Han avslutta sin formannsperiode i 1976, etter å ha leia musikklaget samanhengande frå 1952, med eit par års avbrot. 

Johan si handlekraft og hans vinnande vesen var også direkte årsak til paradigmeskiftet i Manger Musikklag på midten av 1970-tallet. Han var mannen som fekk Tom Brevik til Manger Musikklag i 1974. Han var også mannen som besivte Hordaland Musikklag om at deira 50-års jubileumsstemne i 1975 burde leggjast til Manger. Denne stemna vart ein stor suksess for Manger Musikklag, med Johan som primus motor og leiar av organisasjonskomiteen. Overskotet stemna gav, både i økonomi og entusiasme, skapte eit avgjerande grunnlag for at Manger Musikklag kunne setja i verk den satsinga som eldsjelene, med leiar Johan S. Morken i spissen, allereie hadde tatt initiativ til, inkludert fornying av heile instrumentparken. 

1950 Johan Morken 300ppt.jpg

Kjetil Morken

 

Kjetil Morken (f. 1965) byrja i Manger Musikklag i 1980 på Bb-kornett. I 1988 overtok han Eb-kornett plassen, og her har han blitt ein av musikklaget sine største solospelarar gjennom tidene. Kjetil fekk utdelt æresmedlemsskap i 2022 for meir enn 40 år som spelar og støttespelar i Manger Musikklag. Han spelte fyrst 26 år samanhengande før han tok ein pause for å følgje opp born og familie. Kjetil har i alle år vist seg som ein stabil, seriøs og solid solist i musikklaget. Han leverer det han skal, er førebudd og har utvikla seg i takt med korpset. 

I dei åra han var borte frå MML stilte han opp ei rekkje gonger som vikar, stilte opp på ulike dugnader eller tok på seg andre oppgåver når vi spurde om hjelp. Kjetil er også eit stort førebilete når det gjeld lojalitet til laget og haldningar til fellesskapet. Han gjer det som gagnar laget best. Kjetil har også hatt fleire periodar med styreverv for musikklaget. I 2020 kom han tilbake som fast medlem på Eb-kornett og spelar betre enn nokon sinne. Kjetil fekk også utdelt 40 års medaljen frå NMF i 2022. 

Æresmedlem Kjetil Morken 300ppt.jpg

Astri Anne Svindal Dagestad

 

Astri Anne (f. 1978) kjem frå Vassenden i tidlegare Jølster kommune, og byrja på kornett i Manger Musikklag hausten 1997 då ho tok til på Manger Folkehøgskule. Ho er no inne i sin 25. sesong som spelande medlem i musikklaget. 

Astri Anne fekk utdelt æresmedlemsskap i 2022 for sin innsats for laget på fleire ulike måtar, både musikalsk, sosialt og ikkje minst for sine haldningar og verdiar. Astri Anne har gjennom manger år lagt ned utallige timar som styremedlem, tatt på seg store ansvarsoppgåver i samband med drift og dugnadsarbeid. Astri Anne er sit stort førebilete for andre musikkantar når det gjeld sine haldninar og innsats til det beste for fellesskapet. Astri Anne gjer det som gagnar laget best og ho viser stor lojalitet, tar alltid ansvar for laget. Denne ekstraordinære innsatsen for fellesskapet har gjort henne til ein markant person i Manger Musikklag si historie. 

Æresmedlem Astri Anne Svidal Dagestad 300ppt.jpg

Øyvind Storheim

 

Øyvind Storheim (f. 1966) kjem frå Sæbø i tidlegare Radøy Kommune. Han vart medlem i Manger Musikklag i 1982 på Bb-tuba og spelte samanhengande i 20 år. Han tok over som styreleiar for laget i 1989.

Øyvind Storheim fekk utdelt æresmedlemsskap i 2022 for sin ekstraordinære innsats som leiar frå 1989 til 1998. Det han fekk utretta og bygd opp som leiar har hatt stor betydning for ettertida til laget. Med stor arbeidskapasitet, sterk vilje og kjærleik for laget jobba han utretteleg for utvikling og var amisiøs på laget sine vegne. I hans leiarperiode hadde MML stor suksess. Fire NM sigrar på rad (1994-1997) under David King samt fire deltakingar i europameisterskapen. CD-innspelingar, TV-cupar, turnear både i Noreg og utlandet, bl.a. turne til USA. I tillegg stod Øyvind bak store produksjonar som blant anna 70-års jubileet i Radøyhallen, fleire sykkel-show og "Spill levende" festivalen i Lysgårdsanlegget på Lillehammer i 1993. Som leiar var Øyvind svært entusiastisk, motiverande og evna få laget til å dra i same retning. Han var uredd, stilte krav og var svært handlekraftig. Skaparkrafta og kreativiteten Øyvind tilførte har vore med laget heilt fram til dags dato. 

Æresmedlem Øyvind Storheim 300ppt.jpg

Martin Phillip Winter

 

Martin Winter har hatt fleire periodar som dirigent for Manger Musikklag. Den fyrste perioden byrja i 2001 og han hadde fleire ulike prosjekt dei neste åra, m.a. Siddis Brass i 2001 og 2006. Frå 2008-2014 var han inne som fast dirigent. Den siste perioden starta i 2017 og han er framleis vår faste dirigent. 

Martin fekk utdelt æresmedlemsskap i 2022 for sin fantastiske innsats som dirigent for MML over ein lang epoke som strekkjer seg heile 20 år tilbake i tid. Han har tatt ansvaret for bygginga av korpset og fått til ei fantastisk nivåheving for kvart år. 

Martin arbeider grundig og systematisk, er opptatt av "basicen" til kvar musikkant. Han gjer ein framifrå jobb i førebuing til ulike meisterskap og har hatt stor suksess med underhaldningskonsertar og underhaldningskonkurransar, bl.a i Siddis Brass. Der har han gjort ein framifrå innsats ved å skrive og tilrettelegge nye konsept til konkurransen som alltid gir topplasseringar. Martin har hatt ei heilt avgjerande rolle for at Manger Musikklag framleis er eit toppkorps både nasjonalt og internasjonalt. 

Dirigent Martin Winter 300ppt.jpg
bottom of page