top of page



SIGER I SIDDIS BRASS
Manger Musikklag tok sin tiande siger i Siddis Brass førre helg. Programmet "Melting Pot" slo an både hos publikum og dommarar. Musikklaget fekk gleda av å avslutte heile konkurransen laurdag kveld i Fartein Valen, og vart premiert med siger i elitedivisjonen. Dette var fyrste gong vår nye, faste dirigent, Kjetil Djønne, leia laget på ein konkurranse. I tillegg til å førebu MML, har han og spelt ei viktig rolle i å planlegge og arrangere programmet "Melting Pot". Programmet t
for 2 døgn siden


BrassWind 2026
I helga gjekk BrassWind-festivalen nok ein gang av stabelen, og MML er stolte over at festivalen framleis er med på å gje ei scene til ny musikk og nye komponistar. I år spelte MML den siste konserten laurdag kveld under leiing av dirigent Margie Antrobus. Konserten hadde tre verk, der to av desse var uframføringar. Det eine nye verket er skrive av Hilde Marie Holsen, årets festivalartist, som også var med som solist på stykket. Vidare fekk ein høyre endå eit nytt verk av Jør
28. sep.


CD-INNSPELINGAR PÅ WOBPLAY
På sundag skal Manger Musikklag delta på minnekonserten for vår kjære Kim Lofthouse💚 I samband med dette passar det ekstra fint at to av våre tidlege CD-innspelingar, «Circius» og «the binding of the wolf» no er tilgjengelege for alle på www.wobplay.com. Kim Lofthouse dirigerer «Circius», medan David King og Helge Haukås dirigerer «Binding of the Wolf». Dette var ei tid der me hadde eit tett og svært godt samarbeid, og innspelingane ber med seg mange gode minne. Musikken og
5. sep.


Ein flott og spesiell start på sesongen
*Alle foto: Sondre Villanger Håland Tradisjonen tru fekk Manger Musikklag starte sesongen med oppstartskonsert i Manger kyrkje. For oss er det alltid viktig å få opne sesongen heime på Radøy, og Manger kyrkje dannar ei flott ramme rundt konserten. I år vart det litt ekstra spesielt, da konserten kom få dagar etter bortgangen av Kong Harald. Konserten vart difor opna med å halde eitt minutt med stille, og med at MML, MSML og salen spelte og song Kongesangen som avslutning på k
31. aug.


Oppstartsseminar på Manger FHS
For ei helg! Me har kickstarta ein ny sesong, og det har vore stor stas å samle både nye og gamle medlemmar til oppstartsseminar på Manger Folkehøgskule! Helga har vore fylt med sosialt samvær, leikar, latter og sjølvsagt mykje musikk! Me har hatt tuttiøvingar, men mesteparten av tida har gått med til arbeid i mindre grupper, med fokus på basics og på å spele oss saman som ensemble. Det har vore god tid til å gå i djupna på alt frå pust til positur til like ansatsar og balans
23. aug.
Arkiv
bottom of page