top of page

SIGER I SIDDIS BRASS

for 6 timer siden
1 min lesing

Manger Musikklag tok sin tiande siger i Siddis Brass førre helg. Programmet "Melting Pot" slo an både hos publikum og dommarar. MML hadde fekk gleda av å avslutte heile konkurransen laurdag kveld i Fartein Valen, og vart premiert med siger i elitedivisjonen.


Dette var fyrste gong vår nye, faste dirigent, Kjetil Djønne, leia laget på ein konkurranse. I tillegg til å førebu MML, har han og spelt ei viktig rolle i å planlegge og arrangere programmet "Melting Pot". Programmet tek utgangspunkt i New York - ein by der verda møtest og ulike kulturar lever side om side. Som lyttar vert ein tatt gjennom Manhattan frå skyline til gateplan, gjennom Lincoln Center, til folkehavet på Times Sqyare og til Carnegie Hall. Det heile sluttar i eit hektisk gatebilete der trafikk, høgt tempo og menneske smeltar saman. På programmet stod både indisk og japansk musikk arrangert av Djønne, og publikum fekk ein nydeleg solo spelt av vår principal William Grøv Skramsett.


Me er ekstremt takksame for jobben PU-komiteen og Kjetil har putta inn i å lage eit forrykande program. I tillegg vil me rette ein stor takk direkte til Kjetil for å leie laget mot nok ein siger i Siddis brass!


 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page