CD-INNSPELINGAR PÅ WOBPLAY
På sundag skal Manger Musikklag delta på minnekonserten for vår kjære Kim Lofthouse💚 I samband med dette passar det ekstra fint at to av våre tidlege CD-innspelingar, «Circius» og «the binding of the wolf» no er tilgjengelege for alle på www.wobplay.com. Kim Lofthouse dirigerer «Circius», medan David King og Helge Haukås dirigerer «Binding of the Wolf». Dette var ei tid der me hadde eit tett og svært godt samarbeid, og innspelingane ber med seg mange gode minne. Musikken og prestasjonane står seg framleis - og ikkje minst minner dei oss om ein viktig del av historia vår saman med Kim, som me no skal minnast sundag 6. september i Manger kyrkje.
Me vil takke Espen Haukås som har jobba med digitalisering av desse to platene. At ein fekk dei ut på Wobplay før minnekonserten er noko me set stor pris på, og som me tenkjer var heilt rett tidspunkt. I tillegg vil me sende ei takk til Gøran Solheim Humlestøl som har gjort bookleten til begge CD-ar tilgjengelege. Her kan ein lese om dei ulike verka du kan lytte til og du finn informasjon om besetning og dirigent. I bookleten til «Circius» kan ein mellom anna lese at Manger Musikklag hadde «en ung besetning, med pågangsmot og klare ambisjoner om å bedre den musikalske kvaliteten ytterligere» og vidare at «Korpsets musikalske leder er i år Kim Lofthouse» som også er dirigent på innspelinga. I bookleten til «binding of the wolf» har Kim skrive om ein av komponistane som vert hylla på CD-en, nemleg John Golland. Her kjem det fram at Golland mellom anna har dirigert band som Fodens og at han akkurat ikkje fekk med seg at «Sounds» vart eit viktig bidrag til konkurranselitteraturen for brassband. I tillegg kan ein lese om David King, Helge Haukås og Torstein Aagaard-Nilsen, som alle er viktige figurar for både brassbandrørsla og for Manger Musikklag spesielt.
Booklet til binding of the wolf: https://www.mangermusikklag.com/binding-cd-booklet
Booklet til Circius: https://www.mangermusikklag.com/circius-cd-booklet
Me gler oss over at musikken no kan nå fram til endå fleire - og tenkjer at desse albuma er viktige bidrag til brassbandlitteraturen - dei står seg godt og er gode eksempel på kva eit brassband kan vere.
Velkomne til minnekonsert sundag 6. september klokka 1700 i Manger Kyrkje.






