BrassWind 2026
I helga gjekk BrassWind-festivalen nok ein gang av stabelen, og MML er stolte over at festivalen framleis er med på å gje ei scene til ny musikk og nye komponistar. I år spelte MML den siste konserten laurdag kveld under leiing av dirigent Margie Antrobus. Konserten hadde tre verk, der to av desse var uframføringar. Det eine nye verket er skrive av Hilde Marie Holsen, årets festivalartist, som også var med som solist på stykket. Vidare fekk ein høyre endå eit nytt verk av Jørgen Hernborg. Verket heiter “Liminal” og skildrar ein tilstand av å vere mellom to stader eller to fasar - eit aguneblink kor ein ikkje heilt er der ein var, men heller ikkje har kome dit ein skal. Dette stykket er skrive som ein del av prosjektet #LydenAvUnge, som Jørgen vann i år. Han har jobba tett med Torstein Aagaard-Nilsen gjennom heile året for å skape verket ein fekk høyre på festivalen. Vidare spelte manger “Ghost of Industry” av Lucy Pankhurst. Margie Antrobus, seier følgjande om konserten til MML:
The concert was a great journey in musical diversity. Through the BrassWind festival Manger Musikklag have gained a lot of experience in contemporary music and are pioneers in this genre, so when they are asked to experiment with sounds and techniques they meet the music and composers with curiosity and respect. The band and the festival deserve a big thank you for their commitment to original and new music for brass or wind band, as well as smaller ensembles.
Dette var festival nummer 22 i rekkja, og ein nærmar seg no 200 urframføringar. Festivalen og eigar av festivalen ser på det som ei viktig oppgåve å skape ei scene for nyskrive musikk; både komponistar og utøvarar må få ein plass til å skape nye verk og til å teste grensar for at me skal få ny musikk for alle ensemble. Me trur festivalen speler ei heilt uvurderleg rolle i nettopp dette, og at ein klarar å halde fram med denne jobben i mange år til. Torstein Aagaard-Nilsen, som har spelt ei viktig rolle i å starte og drive festivalen i mange år, er igjen valt ut som komponist av årets pliktstykke i NM brass. MML tenkjer at BrassWind er ein festival som kan vere med å drive fram fleire komponistar som i framtida kan vere med på å få fram nyskrive musikk som vil gjere brassrørsla og reportoaret for ulike ensemble rikare.
Om Brasswind seier kunstnarleg leiar, Craig Farr; BrassWind a truly unique festival: organised through voluntary effort, yet presentet at a professional level, bringing together internationally renowned artists, local musicians and young performers. For me, it is a privelege to help shape the festival programme, and I am deeply grateful to Manger Musikklag for the tremendous work that makes BrassWind possible.
MML vil takke alle som har vore ein del av BrassWind 2026; takk til publikum, kompinistar, dirigentar, utøvarar og til alle som har vore med på å gjere festivalen mogleg. Me gler oss allereie til neste år, og håpar alle vel å setje av daoten 24.-26. september 2027






