top of page



Ein takk til Tormod Flaten!
Dei siste to åra har Tormod Flaten vore fast dirigent for Manger Musikklag. Han har leia laget gjennom mange varierte prosjekt, og vore med på å skape musikalske høgdepunkt og minnerike konsertar. Tormod har hatt ein klar plan for kva laget treng å øve på og kva for musikk som er nyttig å spele for å utvikle laget. I tillegg til å leie laget som fast dirigent, har han og stilt opp som solist på festkonsertar og generelt vore med på å gjere laget klart til fleire at gjestediri
25. juni


Festkonsert og MOT på NM skulekorps
Helga 19.-21. juni reiste Manger Musikklag igjen til Stavanger for å spele heile to rundar med festkonsert for skulekorpsungdomen som hadde delteke i NM skulekorps brass den helga. MML var under leiing av sin faste dirigent, Tormod Flaten, og kvelden blei ein stor fest - både for publikum og for laget som sat på scena. Laurdag morgon rigga MML opp ein stand der me både hadde sal av MML-merch, og ei eiga avdeling med MOT-relaterte oppmodingar og merch. Gjennom laurdag formidda
25. juni


Festaftan 2026!
Manger Musikklag ynskjer å takke alle som kom på Festaftan i Radøyhallen laurdag. Det vart ein fantastisk kveld, og ei stor oppleving å høyre Knut Marius live saman med MML. Knut Marius er ein av Noregs aller beste vokalistar, og han leverte eit variert og fengande repertoar med vakre balladar, kjende musikalslagarar og populære poplåtar. Det var tydeleg god kjemi mellom Knut Marius, dirigent Reid Gilje og MML. Etter konserten vart det dans og fest med DJ MJØS. Ei slik produk
3. juni


Kim Lofthouse - til minne
Det var med stor sorg vi mottok meldinga om at Kim Lofthouse har gått bort, så alt for tidleg. Kim kom frå Preston i England til Noreg hausten 1979 då han hadde fått stillinga som basstrombonist i Oslo Filharmoniske Orkester. Kim sitt namn vart raskt kjent i musikkmiljøet over heile landet. Det var ikkje berre som instrumentalist han fekk eit godt rykte, men òg som ein usedvanleg inspirerande og dyktig instrumentalpedagog. I 1983 byrja Kim å undervisa på Manger Folkehøgskole
3. apr.


MOT på besøk!
Kvart år er me heldige å ha besøk frå MOT Norge som har ei MOT-økt med musikantane i MML. I år var det regionsleiar i Vestland, Anders Næs, som vitja laget på Gamle Alversund skule. Han hadde mellom anna fokus på å byggje laget, og på å opne for å invitere andre inn. Det blei både leikar og samtalar som handla om å sjå kvarandre, verte medvitne på kva gode eigenskapar me har i laget og på kva for kultur me har - er det rom for å dele og gje kvarandre tilbakemeling? MML er sær
3. apr.
Arkiv
bottom of page