top of page

Dirigentteam 2026-2027

  • for 21 timer siden
  • 1 min lesing

Manger Musikklag er utrolig stolte og glade for å kunne dele at Kjetil Djønne har sagt ja til å ta jobben som vår faste dirigent i tida som kjem! Kjetil skal leie Manger Musikklag på flere av våre store konsertar, mellom anna oppstartskonserten vår i Manger kyrkje og festkonserten under det Svenske mesterskapet i november. Han skal også vere med oss når vi deltar i Siddis Brass, og i ikkje minst førebu laget frem mot NM Brass. Me gler oss stort til eit spanande samarbeid med ein dirigent som allereie har vist med fleire ulike ensemble kva han kan få til, og til å sjå kva me kan skape saman!


Samstundes er me svært glade for at professor David King nok ein gong vel å ta turen heilt frå Australia til Noreg for å leie MML når me igjen skal konkurrere i NM Brass 2027🇳🇴 David har ein heilt eigen evne til å få fram det beste i laget. Med sine musikalske idear, sitt engasjement og sin erfaring vert det alltid noko ekstra ved dei musikalske konsertane me skapar saman i Grieghallen i februar.


Me er utrolig takksame for samarbeidet som kjem med både Kjetil og David komande sesong, og gler oss til ein sesong med musikk, konserter og nye musikalske opplevelser!


Velkommen, Kjetil – og velkommen tilbake, David! 👏

 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page