Ein takk til Tormod Flaten!
- for 2 døgn siden
- 1 min lesing

Dei siste to åra har Tormod Flaten vore fast dirigent for Manger Musikklag. Han har leia laget gjennom mange varierte prosjekt, og vore med på å skape musikalske høgdepunkt og minnerike konsertar. Tormod har hatt ein klar plan for kva laget treng å øve på og kva for musikk som er nyttig å spele for å utvikle laget. I tillegg til å leie laget som fast dirigent, har han og stilt opp som solist på festkonsertar og generelt vore med på å gjere laget klart til fleire at gjestedirigentane som har vore innom desse åra.
Me vil takke Tormod så mykje for to innhaldsrike og gode år som fast dirigent for Manger Musikklag. Me ønsker han lukke til vidare med nye prosjekt og nye korps i tida som kjem!






