Festkonsert og MOT på NM skulekorps
- for 2 døgn siden
- 1 min lesing
Helga 19.-21. juni reiste Manger Musikklag igjen til Stavanger for å spele heile to rundar med festkonsert for skulekorpsungdomen som hadde delteke i NM skulekorps brass den helga. MML var under leiing av sin faste dirigent, Tormod Flaten, og kvelden blei ein stor fest - både for publikum og for laget som sat på scena.
Laurdag morgon rigga MML opp ein stand der me både hadde sal av MML-merch, og ei eiga avdeling med MOT-relaterte oppmodingar og merch. Gjennom laurdag formiddag fekk me delt ut ein heil del MOT-relaterte ting og hatt gode og fine samtalar med både foreldre og unge som hadde spelt. Dette er ei viktig arena for oss, der me verkeleg kan komme i kontakt med dei flotte folka som speler i skulekorpsa i Noreg.
Festkonserten inneheldt ei magisk opning med mørk scene, der musikklaget kom gåande ut og gjekk over i ei avdeling der sjølvaste Lode Violet, principal i Brassband Willebroek, var solist. Eit høgdepunkt var nok likevel då salen fekk servert ei rekkje kjente melodiar frå popverda, der det blei både allsong, dansing og klapping. Me vil takke Tormod Flaten for godt leia konsert, og PU-komiteen, då spesielt Tina Kvamme for å ha sett saman eit program som nok ein gong gjorde dette til ei stor oppleving for skulekorpsungdomen.




















