Nye musikantar i MML!
- for 5 døgn siden
- 3 min lesing
Det er snart sesongstart og me gler oss til å spele SESONGOPNING 26 i Manger kyrkje saman med Manger Skulemusikklag. Men før den tid kjem, er me glade for å kunne presentere fleire nye medlemar i MML frå hausten 2026. Det er eit par tidlegare musikantar som kjem tilbake til laget, i tillegg til at me har ein del nye ansikt som me gler oss til å ta i mot.

SOPRAN - TOMIN TOLLEFSEN
Tomin har tidlegare spelt i korps som Kleppe Musikklag og Tertnes Brass, og skal no sitje på sopranplassen i MML. Tomin seier følgjande: eg fekk ei «smaksprøve» på Manger Musikklag som vikar førre sesong, som resulterte i fine konsertopplevingar. Eg er og svak for ei god bakrekke som kan melde når det gjeld, og som toler dei dårlege vitsane mine. Eg ser også heilt klart fram til det fellesskapet som eg opplever at bandet har, både utad og internt.
KORNETT - AMELIA LERØY HELLESUND
Amelia kjem frå tre sesongar i Flesland Musikklag og er i tillegg musikant i Minde Skoles Musikkorps. Ho seier at ho gler seg mest til å spele kjekk musikk på eit høgt nivå i Manger Musikklag.
ALTHORN - OLIVER SOMA
På horn får vi med oss Oliver, som kjem fra Stavanger og skal studere i Bergen. Han har tidlegare spelt i Musikkorpset Gjallarhorn, Krohnengen Brass Band og gått på Manger FHS. Oliver seier han ser fram til å kome inn i kulturen til MML som han har høyrt mykje bra om, og til å oppleve brass band på det aller høgste nivået.
BARITON - TAGE CHRISTOPHER SUNDAL
Tage skal spele 1. bariton i MML. Han vaks opp med å spele i skulekorpset Ulriken Janitsjar, og har spelt i korps som Alvøens Musikkforening, Laksevåg Musikkforening, Sola Brassband og Stavanger Brassband. Han har også studert euphonium i Stavanger, og gler seg til å spele og jobbe på eit høgt musikalsk nivå. Tage ser og fram til å vere ein del av eit korps som stadig testar grensar og innoverer.
BARITON - AGNES MARIA FJERMESTAD
Denne hausten kjem også Agnes inn. Ho har vore med på fleire prosjekt før, og skal no ta plass på 2. bariton. Agnes har bakrgunnen sin frå korps som Flesland Musikklag og Oslo brass Band. No ser ho fram til å komma vestover att og spela mykje gøy med musikklaget.
EB-TUBA - BJØRN TJØRSTAD LILLEAAS
Bjørn er eit kjend fjes som returnerer til MML etter nokre år i andre korps. Han begynner siste året med master på UiB og driv med styrkeløft på fritida. Bjørn har tidlegare spelt i Tasta Skolekorps, Sola Brass Band, Gjallarhorn, Ila Brass Band og Tertnes Brass Band. Han gler seg til å møte gjengen igjen og til å skape gode minne og musikalske opplevingar.
SLAGVERK - TALLAK BERTIN
Tallak har også spelt i MML før, og me er glade for å sjå han att. Han kjem frå Askøy og har spelt i korps som Hop Skoles Musikklag, Ravnanger Brass, Smørås Skolemusikk og Follesø Musikklag. Hausten 2025 flytta han til Stavanger for å studere utøvande i klassisk musikk, men skal no ha eit pauseår for å gå på Manger FHS og spele med MML.
Me er veldig glade for å sjå returnerande og nye fjes i musikklaget og ønskjer dei alle varmt velkomne💚Vidare kjem meir informasjon om dirigentar og konsertar.
Stay tuned!👀
Foto av Tallak: Magnus Skrede






