Oppstartsseminar på Manger FHS
- for 5 timer siden
- 1 min lesing
For ei helg! Me har kickstarta ein ny sesong, og det har vore stor stas å samle både nye og gamle medlemmar til oppstartsseminar på Manger Folkehøgskule!
Helga har vore fylt med sosialt samvær, leikar, latter og sjølvsagt mykje musikk! Me har hatt tuttiøvingar, men mesteparten av tida har gått med til arbeid i mindre grupper, med fokus på basics og på å spele oss saman som ensemble. Det har vore god tid til å gå i djupna på alt frå pust til positur til like ansatsar og balanse.
Me har vore så heldige å ha med oss tre fantastiske instruktørar:
Jesper Juul som flaug over frå Danmark for å vere med oss. I tillegg fekk me besøk av Gustav Melander, solotrompetist i BFO og ikkje minst slagverkar Hogne Holmås. Dette var også den fyrste helga med vår nye, faste dirigent Kjetil Djønne. Han inspirerar og jobbar hardt, og me gler oss til tida som kjem med han som dirigent.
Ein stor takk til vår gode samarbeidspartnar Manger Folkehøgskule for at me fekk bruke dei flotte lokala. Og ikkje minst: takk til det fantastiske kjøkkenpersonalet som laga nydeleg mat gjennom heile helga! No er me klare for ein ny sesong – og me gler oss til alt som ventar! Komande helg er det SESONGOPNING 26 og helga etter skal me heidre minnet til ein fantastisk og viktig person for MML, Kim Lofthouse. Arrangement kan ein finne her: https://facebook.com/events/s/minnekonsert-for-kim-lofthouse/2060067391211612/?






