Ein flott og spesiell start på sesongen
- for 20 timer siden
- 2 min lesing

*Alle foto: Sondre Villanger Håland
Tradisjonen tru fekk Manger Musikklag starte sesongen med oppstartskonsert i Manger kyrkje. For oss er det alltid viktig å få opne sesongen heime på Radøy, og Manger kyrkje dannar ei flott ramme rundt konserten. I år vart det litt ekstra spesielt, da konserten kom få dagar etter bortgangen av Kong Harald. Konserten vart difor opna med å halde eitt minutt med stille, og med at MML, MSML og salen spelte og song Kongesangen som avslutning på konserten.
Manger Skulemusikk spelte fyrste avdeling, denne gongen under leiing av dirigent Patrik Randefalk. MML fekk også i år gleda av å spele eit fellesnummer saman med skulekorpset, og fleire solistar frå Manger Skulemusikk fekk høve til å spele saman med Manger Musikklag. Det er eit samarbeid me set stor pris på, og som gjev unge musikantar verdifull erfaring og gode musikalske opplevingar. Denne gongen var det Kristina Brevik som spelte trombonekonsert og Sverre Fjeld som spelte kornettsolo.
Manger Musikklag var sjølve på scena under leiing av vår nye faste dirigent, Kjetil Djønne. Etter berre 2,5 veker har Kjetil jobba med eit stort program, og fått korpset i ein god posisjon for resten av sesongen. Med eit variert program fekk me utfordringar i alle ledd, og oppstarten og konserten gav oss ein god start på sesongen – både musikalsk og sosialt. Konserten var også ei høve til å takke fleire av medlemmene som avslutta etter førre sesong. Me takka soesielt av medlem som har vore med lenge; Tina Kvamme, Trine Villanger, Erik Træland Hella, Steinar Thelen, Torhild Andvik og Pia Withington. Me ønskjer å rette ein stor takk for den lange innsatsen og alt dei har lagt ned for laget gjennom åra. Me håpar sjølvsagt å sjå dei igjen ved ein seinare høve!

Samtidig var det kjekt å få ønskje nye medlemmer velkomne i musikklaget. Vi ser fram til å bli betre kjende og skape mange gode musikalske opplevingar saman.
Takk til Sparebanken Norge, Fana Sparebank og Frifond NMF for stønad til oppstartsprosjekt med Manger Skulemusikklag.
No rettar vi blikket framover mot neste prosjekt: årets BrassWind-festival. Me gler oss til ein ny og spennande musikalsk periode! For meir informasjon om festivalen og årets program, sjå brasswind.no.






