top of page

Acerca de

#LydenAvUnge

#LydenAvUnge er ein komponistkonkurranse for unge som vart skipa for fyrste gong i 2022.

Gjennom #LydenAvUnge inviterer vi unge opp til 30 år til å komponere eigen musikk. I dette prosjektet får unge ein unik moglegheit til å komponere individuelle verk som vert framført på stor scene i Bergen av eit av Noregs fremste korps. Undervegs vil deltakarane få verdifull tilbakemelding og rettleiing frå komponistar.

​

Målsettinga med prosjektet er å stimulere ungdom til å skrive for brassband og bidra til kreativitet og skaparglede på tvers avmusikalske skiljelinjer. Vi ynskjer å få fleire unge komponistar fram i lyset og dermed få fleire nye stemmer til korpsrørsla. Samstundes kan det å komponere gje ein ny arena for ungdom å bruke sin kreativitet, ein kan flytte fokus frå å prestere som utøvar til å skape musikk for andre. I miljøet er det stort fokus på det å være best, dei største talenta har ei rekkje tilbod og ulike arrangement å delta på. Å skape ny musikk er ein heilt annan måte å delta i korpsmiljøet på, og dette kan motivere ungdom til å halde fram med hobbyen sin. Det er gratis å melde seg på og delta i konkurransen.

 

Dei innsende bidraga vert så vurdert av anerkjende og erfarne komponistar/musikarar og dirigentar. Manger Musikklag arrangere deretter ein finale der fem finaleverk vert framført, og dommarane kårer ein vinnar. Vinnaren mottar ein pengepremie som i år er 30 000 kr, og verket vert urframført under BrassWind festivalen same år. Konkurransen haustar lovord blant anerkjende komponistar og har blitt svært godt tatt i mot.

​

#LydenAvUnge vart frå og med 2024 gjort om til ei stipendordning. Vi inviterer ungdom opp til 30 år til å sende inn ein søknad om å motta stipendet på kr 30 000.

Stipendet skal nyttast til å skrive eit verk for brassband. Verket vil verte urframført av Manger Musikklag under BrassWind festivalen same år. Undervegs i skriveprosessen vil komponisten få tilbod om veiledning frå ein erfaren komponist, ein mentor som rettleiar og støttar undervegs i prosessen.

 

Tidlegare vinnarar av #LydenAvUnge:

  • 2022: Oskar Abel Valand Halvorsen - «3 satser for brassband»

  • 2023: Kolbein Eide Bukve - «Snøskrømt»

  • 2024: Mikkel Dahl Amundsen - «Meditation»

  • 2025: Arian Pedersen - «Phoenix»

  • 2026: Jørgen Hernborg - «Liminal»

​

Måla for prosjektet er

  • stimulere ungdom til å skrive for brassband.

  • bidra til kreativitet og skaparglede på tvers av musikalske skiljelinjer

  • få fleire unge komponistar fram i lyset.

  • få fleire nye stemmer til korpsrørsla.

  • flytte fokus frå å prestere som utøvar til å skape musikk for andre

  • motivere ungdom til å halde fram i korpsmiljøet

 

Reglement 2027

  • Søknadsfrist 1. januar 2027

  • Frist for levering av partitur 1. august 2027

  • Øvste aldersgrense for å delta er 30 år, født i år 1997 eller seinare

  • Må vere norsk statsborgar

  • Medlemmer i Manger Musikklag kan ikkje delta

  • Dette skal vere eit verk for brassband på maksimalt 10 min.

  • Verket skal ikkje ha vore framført tidlegare

​

​

​

​

Anbefalinger #LydenAvUnge

 

Dette seier komponist  og kunstnarisk leiar Craig Farr om konkurransen:

#lydenavunge er ein fantastisk moglegheit for unge komponistar og komponistspirar! Finalistane vert framførte av Manger Musikklag, som er leiande innan sitt felt. Verket kan og bli plukka ut til å bli framført på konserten på BrassWind festivalen! Vinnaren får ein pengepremie og det er gratis å søkje! Då eg var fersk komponist fekk eg delta på liknande konkurransar og verkstad som gav uvurderlege erfaringar og eit fagleg og karrieremessig løft. Anbefalast på det sterkaste!

 

Professor og komponist Jostein Stalheim

Noko av det som har størst utbyte for ungdom og unge vaksne er å gjera det mogeleg for

dei å møta likesinna i det profesjonelle musikklivet. For å skapa ein slik møteplass må

det leggjast vekt på godt førearbeid, gjennomføring og etterarbeid. Prosjektet

#lydenavunge har bore frukter på mange måtar. Både for dei som får ein pris, eit stipend

eller kanskje i neste omgang eit tingingsverk er det viktig å få høyrd musikken sin med eit

engasjert korpsmiljø. For mange av dei unge komponistane som sender inn sine partitur

er dette første møte med eit større ensemble og eg har sett kor dette gir dei eit skyv i

karriere som komponistar.

Gjennom heile mi tid eg har arbeidd med Manger Musikklag som musikar og komponist

og i prosjektet #lydenavunge som dommar har eg sett korleis dei unge komponistspirer

får møta eit fullt produksjonsapparat og eit framifrå brassband. Dette har stor verdi for

dei unge og MML sitt langsiktige arbeid med nyskrive musikk fortset såleis å byggja

tettare band mellom musikar og komponist, frivillig og profesjonelt musikkliv.

Eg vil med dette gi mi beste anbefaling for at dette prosjektet skal fortsette og at støtte til

slike tiltak har store ringverknader for utvikling av eit kreativt musikkliv her på Vestlandet,

nasjonalt og internasjonalt.

​

Torstein Aagaard-Nilsen seier dette om #lydenavunge

 

Manger Musikklag sin komposisjonskonkurranse #lydenavunge, er med å markere korpsets 100 års jubileum. Kreative unge som også har interesse av å skrive musikk for brass band, får her en unik mulighet. Jeg er både glad og fascinert over satsingen. Et korps som feirer seg selv kan fort bli veldig opptatt av akkurat dét. Men i dette prosjektet fortsetter Manger Musikklag sitt unike bidrag til sin musikalske omverden. De vil feire de som skal bli våre nye komponister - de skal fornye repertoaret vårt.

 

Det som en gang var et bygdekorps i ordets rette betydning, gjennomgikk en omveltning som ikke bare endret bygdekorpset til et fullblods brass band. Da var de omtrent halvveis til hundre. De var også med å skape den moderne norske brass band historien. Deres møte med totalt ukjent brass band musikk, ble en indre drivkraft i korpset. Jeg har selv, som blivende komponist, fått nyte godt av kreftene i miljøet, og helt opp til i dag kunnet eksperimentere med musikalsk form og korpsklanger fordi MML har gitt meg muligheten

 

Gleden er derfor ekstra stort, sett med mine øyne, når MML tar til orde for en komposisjonskonkurranse #lydenavunge!

​

Vinner av #lydenavunge 2024 Mikkel Dahl Amundsen

#LydenAvUnge har vært en kjempefin og lærerik erfaring, som jeg anbefaler alle som har interesse i å skrive for store ensembler å prøve seg på; uavhengig av hvilken stil man til daglig holder på med. Som nykommer i brassband-verdenen bestod første del av veiledningsprosessen av å orientere seg rundt hvordan besetningen fungerer, mens mentor og jeg etter hvert snakket mer konkret om de musikalske ideene jeg hadde, og hvordan det mest effektivt kunne settes sammen til ensemblet. Det var en prosess med mye lærdom som jeg utvilsomt kommer til å ta med meg videre som komponist og musiker generelt. I tillegg er Manger Musikklag et ensemble i toppklasse, som tok materialet jeg gav dem med strak arm, og endte opp i en kjempefin fremførelse! 


Som sagt anbefaler jeg alle med interesse av komponering for store ensembler å søke denne ordningen; det er virkelig en unik mulighet!

 

 

Vinner av #lydenavunge 2025 Arian Pedersen

«Eg hadde ei utruleg god oppleving under #lydenavunge. Det er heilt uvurderleg at ein kan komma med ein eller annan sprø idé til MML, og at dei då tek den såpass på alvor og får den til å leve. I skriveprosessen fekk eg tett oppfølging frå Torstein, og under innøvinga var det supert å få samarbeide så tett med Tormod. Det er sjeldan ein får konferert så mykje med andre i ein komposisjonsprosess, så det å ha nokon i ryggen er veldig behageleg. Eg vil absolutt anbefale å søkje på #lydenavunge, uavhengig av bakgrunn eller erfaring. Alt ligg til rette for god læring, så eg kan garantere at du vil få ei god oppleving»

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page